For Voss tingrett vart spørsmålet kva som er meint med uttrykket «maksimal synleg grunnmurshøgd», og fann svaret i ei forskrift som er heimla i plan— og bygningslova, den same lova som hyttebyggaren var pålagt å fylja. I forskrifta står det at «høgde» skal målast frå planert terreng.

I Granvin kommune er høgde målt frå opphaveleg terreng lagt til grunn. Dette vart stadfest av fylkesmannen, og forsvart i retten av Miljøverndepartementet sin advokat. Men sorenskrivar Lidvard Faaberg i tingretten gav hyttebyggaren medhald, og styresmaktene får litt kjeft attpå: «Det er (det kommunale) utvalgets ansvar at bestemmelsene blir så klare at det ikke skapes unødige problemer for den enkelte borger», heiter det i domsgrunnane.

For hyttebyggaren stod rivings- og ombyggingskrav for bortimot ein halv million kroner på spel.

Også han må finna seg i refs frå sorenskrivaren. Ei teikning han har sendt kommunen viser murhøgd på ein meter, utan inntilfylling av massar. Men retten godtok at den stipla lina på teikninga berre var ei teoretisk markering av terrenget ut frå mangefullt kartmateriale.

Hyttebyggaren sin prosessfullmektig, advokat Ove Jan Ommundsen, må også tola «rettleiing» frå dommaren. Staten slepp unna med å betala 326.897 kroner av motparten sine sakskostnader. Retten meinte advokaten hadde brukt altfor mange arbeidstimar på saka, og reduserte kravet i salæroppgåva med 50.000 kroner pluss moms.