— Ei nedlegging vil få dramatiske følgjer for sognebygdene. Det var det krystallklare svaret som aksjonskomiteen for «Forsvar Lærdal sjukehus» ga til dei som står bak framlegget frå Helse Vest.

I lørdag møtte 1000 sogningar opp på aksjonsdagen for sjukehuset sitt, først ved sjukehuset og deretter til folkemøte i Lærdal kulturhus.

Også framfor denne aksjonen har det vore ei stor folkeleg mobilisering i indre Sogn, etter at Helse Vest la fram forslaget om nedlegging av både medisinske akuttfunksjonar og fødeavdeling ved Lærdal sjukehus.

Berre ei sjukestove igjen

Indresogningane vil ikkje lata seg avspisa med berre å ha igjen eit distriktsmedisinsk senter, eigentleg ei slags sjukestove i Lærdal, og kjempar no ein avgjerande sluttkamp for sjukehuset sitt.

Sjukehusfinalen for indresogningane blir når aksjonskomiteen møter både helseministeren og representantar i helse- og sosialkomiteen på Stortinget. Dei møta skjer i Oslo 4. april

MOT NEDLEGGING: Sogningane gjekk mann av huse for å berga sjukehuset i Lærdal