Ein av mennene som sørgde for at politiet fekk gjennomslag i den brutale valdssaka på Husnes i fjor, er i Sunnhordland tingrett dømt til fire månaders fengselstraff for metoden han brukte for å løysa saka. Halve straffa er på vilkår.

Men 49-åringen, som gjorde mobilopptak av tilståingane i Husnes-saka, slepp å betala erstatning for slag og springskallar som førte til knekt nase og kinnbein på den yngste av to menn som i haust blei dømde til fire og eit halvt år i fengsel for grov og langvarig vald mot ein 68-årig husnesmann.

Kjenslemessig ubalanse

Retten finn det formildande at 49-åringen kom i kjenslemessig ubalanse og blei sint av at to kjenningar av han i februar i år tilsto å ha skambanka 68-åringen nesten eitt år tidlegare. Den eldre mannen blei etterlaten medvitslaus ved ein skogssti.

20-åringen og 30-åringen som nyleg blei dømde for forholdet, hadde inntil tilståinga i februar halde fast på ei løgnhistorie om at dei tilfeldig kom over 68-åringen ved skogsstien og berga livet hans.

Ringte politiet

Uansett formildande omstende ser Sunnhordland tingrett alvorleg på 49-åringen sin valdsbruk etter tilståingane som kom på ein nattleg privatfest i februar. Skadepotensialet ved handlingane var stort, heiter det i domspremissane. ”Privat rettshåndhevelse er ikke akseptabelt, og dette kan ikke unnskylde tiltaltes handlemåte”, står det.

To gonger i løpet av festen ringte eit vitne politiet og varsla om at det var fare for valdsutøving, men politiet rykte ikkje ut.

I motsetnad til 20-åringen og 30-åringen som må betala 420.000 kroner i erstatning til pensjonisten dei var nær ved å slå i hel, slepp 49-åringen å betala erstatning til 20-åringen slik aktor la ned påstand om. 49-åringen seier at han ikkje ønskjer å anka dommen.