PER MARIFJÆREN

Da han vart innhenta, oppgav han namnet til ein tilfeldig kjenning, som vart ilagt ei bot på 4000 kroner.

Risikerer fengsel

Politiet har idag forlengst sletta bota til den uskuldige kompisen, og har i staden tiltalt den no 18 år gamle guten frå Høyanger. Han risikerer vilkårslaust fengsel for politilue-stuntet i fjor haust.

Det var i Høyanger sentrum natt til søndag 19. oktober i fjor at han saman med ein kamerat slo uniformslua av lensmann Olav Hellebø og la på sprang. Da politiet innhenta dei to, oppgav begge feil namn til ordensmakta. Men der kameraten etter kort tid angra seg og informerte politiet om sitt eigentlege namn, unnlot 18-åringen å gjere dette. Kameraten slapp unna med ei bot, medan 18-åringen no risikerer langt strengare straff.

— Han er tiltalt for å ha oppgitt falsk namn, slik at ein annan person urettmessig vart straffeforfølgt, seier politifullmektig Nanna Aaby ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Den øvre strafferamma for slikt er på fire års fengsel.

- Rein impulshandling

Sjølv om Aaby neppe vil krevje tilnærma så lang straff, så risikerer 18-åringen å bli idømt fengsel utan vilkår. Forsvararen hans, advokat Ivar Blikra, meiner at 18-åringen faktisk la korta på bordet på eit tidleg stadium av saka.

— Kort tid etter episoden fortalte han den jamnaldrande kameraten at han hadde brukt namnet hans. Dessverre var han nett da ikkje moden nok til å fortelle politiet det same. Klienten min har forklart at det var ei rein impulshandling å oppgje den andres namn, seier Blikra, som presiserer at klienten erkjente alt straks han kom inn til politiavhør.

Men da hadde kompisen allereie mottatt det urettmessige forelegget på 4000 kroner.

Dermed må han møte i Ytre Sogn tingrett 9. juni og svare for eit trepunkts tiltalevedtak. Det mest alvorlege punktet er å ha søkt å pådra ein annan sikting eller dom for ei misferd. Dei andre går på å ha hindra lensmannen i å utføre tenesten sin, ved å ta frå han uniformslua, samt å nekte å oppgje rett personalia overfor politiet.

Etter det Bergens Tidende får opplyst, fekk lensmannen tilbake uniformslua i relativt uskadd stand.