Aktor bad om fengsel i 75 dagar med prøvetid på to år. Det meinte retten var for mildt, og dømde han til samfunnsstraff i 60 timar.

20-åringen var på fest i Askvoll saman med ein kamerat ein junidag i fjor. Dei begynte å drikke allereie klokka 15, og inntok store mengder alkohol utover kvelden.

Sparka og beit

Den domfelte snakka til kameraten, som han meinte oppførte seg ufint. Kameraten skal mellom anna ha bite og klypt fleire personar, i tillegg til å ha sparka ei 15 år gammal jente i hovudet utan grunn.

20-åringen reagerte då med å knuse ei ølflaske mot kameraten sitt hovud. Den jamaldra mannen fekk fleire kutt i hovudet som måtte syast hos lege.

Falt i bakken

Den tiltalte erkjende straffskuld i retten. I straffeskjerpande retning la retten vekt på at det var eit målretta slag med stor kraft, som medførte at kameraten gjekk rett i bakken.

«Bruk av glasflaske som slagvåpen kvalifiserte som et særlig farlig redskap», heiter det i dommen.