— Hadde eg ikkje treft med første slaget veit eg ikkje korleis dette ville gått, seier 26-åringen.

Det er avisa Firda som i dag fortel om den dramatiske hendinga i Rivedal i Askvoll måndag kveld. Tønder skulle sjå til eit hjortegjerde han hadde hjelpt svo-geren med å setje opp. Då han kom opp på bøen fekk han raskt auge på dyret.

— Eg trudde hjorten ville springe. I sta-den gjekk han til angrep og stonga meg i sida. Då han rygga tilbake for å ta ny fart, tok eg opp ein stein som låg like ved. Då han kom, slo eg så hardt eg kunne. Eg trefte midt i hovudet, fortel Tønder til avisa.

- Eg var redd

Etter dramaet sprang Tønder heim. Han trudde han berre hadde slått bukken i svime. Saman med svogeren og far hans gjekk dei tilbake for å sjå etter dyret. Hjorten låg på same plassen, stein daud. Då dyret blei slakta same kveld, såg dei at nakken var knekt.

Håkon Tønder opplevde historia som skremmande.

— Eg var redd. Adrenalinet pumpa rundt i kroppen, seier 26-åringen som aldri trur han blir nokon hjortejeger:

— Eg har fått meir enn nok av hjort for ei tid framover. Men eg har no fått ei god historie å fortelje på fest.

Jørgen Wik