31-åringen er i Sunnhordland tingrett dømd for vald mot to sambuarar. Den eine var gravid i niande månad, då mannen skal ha klistra hovudet hennar inn i eit bilvindauge, pressa fingrane inn i augo hennar for deretter å slå ho med knytt neve i ansiktet.

Kvelartak

Ifølgje dommen frå Sunnhordland tingrett, var dette det alvorlegaste punktet i ein serie av tilfelle der mannen skal ha truga, slått, sparka og teke kvelartak på kvinna. Mishandlinga fann stad i tidsrommet juli 2007 til oktober 2008.

Bømlingen var heller ikkje snill med den førre sambuaren sin. I perioden frå januar 2006 til juli same år truga han ved fleire høve og utøvde vald mot kvinna. Han skal blant anna ha drege ho ned ei trapp, låst ho inne, slått og teke kvelartak på ho.

Oppreisning

— Den fysiske mishandlinga mot dei to fornærma har, med eitt unntak, ikkje vore svært grove. Det er likevel skjerpande at 31-åringen etablerte eit nytt forhold der mishandlinga frå det første forholdet heldt fram, skriv sorenskrivar Knut Gramstad i dommen.

I tillegg til fengselsstraffa, er 31-åringen dømd til å betala 40.000 kroner i oppreising til den første sambuaren. Den andre sambuaren får 8000 i erstatning og 50.000 kroner i oppreisning. På toppen av dette må bømlingen ut med sakskostnader på kroner 10.000.