Rettsapparatet har no to gonger slege fast at Tide stolte for blindt på Soldals urinprøve. For Gulating lagmannsrett har forkasta ein anke frå Tide Sjø, som ikkje aksepterte tingrettens dom frå i fjor om at matrosen frå Ulvik har krav på å bli gjeninnsett i stillinga og å få løn for perioden han har vore utan jobb.

Då Øyvind Soldal tok ei ekstravakt på Bruravik-Brimnes-ferja 3.august 2009, hamna han i ein rutinemessig alkotest om bord etter tre og ein halv time på jobb. Blåseprøven gav ingen utslag, men seinare konfronterte selskapet Soldal med at det var funne 0,23 promille alkohol i urinen hans. Soldal hadde drukke eit par pilsnerøl kvelden før, og svarte med å seia seg sjølv opp då Tide-leiinga brått hadde kalla han inn til møte og sa at testresultatet kvalifiserte for avskil.

Ikkje opplagt urinprøve

Både Bergen tingrett og Gulating lagmannsrett kritiserer reiarlaget for å ha vilja gå til avskilssak med grunnlag i ein urinprøve. Lagmannsretten støttar seg til sakkyndige vitne som seier at det ikkje er opplagt at det var alkohol i ferjematrosen sitt blod då han tok til på vakta den aktuelle dagen, sjølv om det blei målt promille i urinen fleire timar seinare.

Øyvind Soldal — som har 22 års fartstid i HSD/Tide - trekte oppseiinga si tilbake etter ein månad, etter råd frå medisinsk kunnige og Fellesforbundet for Sjøfolk (FFFS).

Strengt rusregime

Når lagmannsretten kjem til at Soldals eiga oppseiing ikkje kan gjerast gjeldande, er det avgjerande for retten at resulatet av urinprøven blei presentert for matrosen på ein måte som kunne gi inntrykk av at omrekninga frå urin- til blodpromille "var mer selvsagt enn den faktisk var."

Tide innførte i 2002 eit strengt rusregime med nulltoleranse for promille på jobben etter eit par uheldige episodar blant ferjetilsette. Tide Sjø sitt reglement går lengre enn forskrifta i Sjømannslova, som tilseier avskil "for gjentatt beruselse i tjenesten".