Skulen er blant dei åtte som kan bli nedlagt om politikarane får det som dei vil. Det er ikkje første gongen den vesle skulen er truga.

— Vi har kjempa i årevis, så det er ikkje akkurat ei overrasking. Mange foreldre har vore flinke til å kjempe for skulen, som betyr mykje for grenda, seier rektor Tore Torsvik.

Han hadde trudd at han skulle sleppe å tenke på nedlegging no, sidan politikarane i 2003 lova å frede skulen fram til 2007. Slik gjekk det ikkje. Skulen har 23 elevar frå første til sjuande klasse.

— Det er så mange som kontaktar oss om dette, vi har lyst til å bruke tida på andre ting. Det er lite framtidsretta, seier Torsvik. Barna let seg ikkje påverke så mykje, anna enn at dei blir engasjerte i skulen sin.

Blir skulen lagt ned, må elevane til Øystese. For somme betyr det ein skuleveg på inntil 15 km. Midtskyss blir det truleg ikkje noko av, og dermed må dei minste vente til klokka to for å ta bussen heim.

Skulen er bra for bygda, trur Torsvik.

— Undersøkingar viser at kvaliteten på undervisninga er god, seier Torsvik.