— Når ein må lesa lange dokument på ein skjerm, trur eg ein del har ein tendens til å berre lesa overflatisk. Difor skriv eg framleis ut mange av sakspapira mine, seier Torstein Dahle, bystyrerepresentant for Rødt.

Han er ein av politikarane i Bergen som ikkje er heilt nøgd med at dei ikkje lenger får utskrifter av sakspapir til bystyremøta. I staden får dei ein link til å lasta ned dokumenta på sin eigen PC.

I ei evaluering av ordninga sa 33 prosent av dei som svarte at dei har blitt mindre effektive som ei følgje.

Skuldar på alder

Talet er så høgt at kommunen reagerer. Først og fremst handlar det om å retta opp tekniske problem som har skapt trøbbel. Å få lasta ned sakspapir heime har mellom anna vore vanskeleg.

— Alle som har vore borti ei datamaskin veit kor frustrerande det er om ein ikkje får den til å virka, og det er klart at då har me eit problem. Det er viktig at me har eit godt apparat til å hjelpa i desse tilfella, seier Ragnhild Stolt-Nielsen, gruppeleiar for Høgre i bystyret.

Bystyredirektør Roar Kristiansen seier dei tekniske problema no skal vera ordna opp i, og seier dei tilbyr hjelp til dei som framleis har problem. Han trur også mangelen på effektivitet kan vera knytt til omstillingsproblem.

— Undersøkinga vart gjennomført i det gamle bystyret, som allereie var vane med å få papir delt ut. Dette kan også ha med alder å gjera. Det nye bystyret har ein heilt annan alderssamansetjing enn det gamle, seier Kristiansen, som difor trur problemet er på veg til å verta løyst.

- For lettvint

Dahle trur ikkje det er så enkelt. Han meiner dei elektroniske sakspapira skadar den politiske handsaminga av enkelte saker.

— Eg trur folk i større grad støttar seg på samandraga fordi bakgrunnsinformasjonen ikkje blir lest grundig nok. Dermed trur eg at dei som har kritikk til forslag i mindre grad får sine innvendingar vurdert, og dette er problematisk, seier han.

— Eg trur ikkje det berre er eg som har problem med å lesa over 50 sider på ein skjerm, legg han til.

Stolt-Nielsen sit ikkje med det same inntrykket av at sakshandsaminga er for lettvint.

— Eg opplever at folk stiller like førebudd og deltek i debatten på møta som før. Dei som synst det er vanskeleg, skriv ut sakspapira på privat basis, seier ho.

Og uansett kor mykje somme måtte ønska seg dei tilbake, trur ikkje Stolt-Nielsen at bunkar med sakspapir blir å finna i bystyret i framtida.

— Saksbehandling har blitt meir og meir elektronisk i alle folkevalde organ. Alt talar for at me også i framtida skal ha papirlause møter, seier ho.