Det er ikkje meir enn fem år sidan eit par kvinnelege tilsette stilte seg i brodden for aksjonen som berga Granvin-slakteriet frå nedlegging i 2000.

— Situasjonen er minst like alvorleg no, seier varaordførar Jan Ivar Rødland i Granvin til Bergens Tidende.

Han er redd for at Gilde finn det «lettast» å legga ned Granvin, som er det minste av dei tre aktuelle slakteria. Dessutan er bøndene i Hordaland blir stadig meir opptekne av nye trendar og nisjeprodukt, medan Gilde framleis fokuserer på volum; rasjonell slakting og nedfrysing, minimal modning og etterbehandling av kjøtet. Rødland trur at Gilde Vest alt hadde bestemt seg for nedlegging i Granvin, men styret «sukra pilla» ved å setta i gang utgreiing.

Oksesvikt

— Ingenting er avgjort, poengterer nestleiar i styret for Gilde Vest, Dag Kristian Starheim, som også er tillitsvald frå Sogn og Fjordane.

Han fortel at det på styremøtet før påske vart sett ned ei arbeidsgruppe til å sjå på slakteristrukturen i nordre del av Gilde Vest sitt område. I nordre del ligg slakteria i Førde, Granvin og på Sandeid. I arbeidsgruppa er dagleg leiar og ein tillitsvald frå kvar av desse tre slakteria med, pluss Gilde Vest sin råvaresjef.

— Her blir det høve for medlemene å legga fram sine synspunkt. Etter planen skal dei ha ei tilråding klar til rundt 1. juni, slik at styret kan konkludera før sommarferien, opplyser Starheim.

— Og for styret er det økonomiske argument som tel?

— Slett ikkje åleine. Dyrevernomsyn vil også telja med. Her kan det bli snakk om å transportera levande dyr i åtte timar og kanskje meir.

Starheim grunngir den nye runden med omstrukturering med nedgang i slaktemengd, særleg storfe (oksar og kyr).

— Storfehaldet har svikta kolossalt på Vestlandet dei siste åra, fortel han.

Slakteristukturen blir tema når Gilde Vest sitt kontaktutval held møte i Bergen fredag og laurdag.

Alarmerer Stortinget

Gilde Vest sitt slakteri i Granvin har for tida 30 tilsette. I sesongen for saueslaktinga om hausten, vert det tilsett om lag like mange sesongarbeidarar, i stor grad ungdom frå inn- og utland.

Leiaren i Stortinget sin Nærings- og Miljøkomite, Olav Akselsen, kjem til Granvin komande måndag for å setja seg inn i problemstillinga. Før bedriftsbesøket på slakteriet, er han invitert til Skår, ein av gardane som satsar på kjøtforedling som nisjeprodukt.

— Det er ikkje berre dei bitte små foredlingsverksemdene som får problem, også kjøtindustrien på Voss og Vossetrand vil få merkbare vanskar dersom det blir slutt på slaktinga i Granvin, spår Rødland.

Også prosjekt som «Vossamenyen» og «Hardangermat på alle fat» blir problematiske når slaktinga ikkje lenger skjer lokalt.

Vegpakke

Frå garden Skår er det godt utsyn nedover hårnålssvingane i Skjervet. Med stortingsrepresentant Olav Akselsen på plass der, vil ordførarane på Voss og i Granvin nytta høvet til å slå eit slag for «vossapakko». Dette er eit bompengeprosjekt for modernisering av stamvegen (riksveg 13) mellom Voss og Granvin, i tillegg til ein tunnel bak Vangen (Voss sentrum) på E16.

Jan Ivar Rødland er glad for at Olav Akselsen sitt besøk kunne koma i stand såpass tidleg.

— Nærare valet ville det bli sett på som eit innslag i valkampen, og av mange sett på som mindre seriøst, seier han til Bergens Tidende.