Gry Søilen og Herborg Espeland Moen likar ikkje at Kristin Halvorsen vil ta fra dei kontantstøtta.

— Kontantstøtta er den beste familiepolitikken ein kan få. Vi forstå ikkje kvifor Kristin Halvorsen vil fjerne den, og dermed ta bort valfridomen vår, seier venninnene.

- Har det best heime

Espeland Moen meiner barna har det best heime.

— Ein snakkar så mykje om kvalitetstid, me har kvalitetstid heile tida me, seier Herborg Espeland Moen. På fanget har ho Erlend på halvanna år, storebror Håvard kosar seg med leiketraktoren i nabohagen. Dei to gutane har ei mor som har valt kontantstøtte framfor jobb og barnehage, på same måte som dei fleste foreldre i Jondal. Tal frå NAV viser at ein mottar kontantstøtte for alle eittåringane-åringane, og dei fleste toåringane i bygda. Til samanlikning er berre halvparten av bergensbarna mellom eit og tre år heime.

Applauderer kontantstøtta

Me treff Herborg Espeland Moen i hagen til naboen Gry Søilen, like ved sjøkanten i Jondal. Ho er også heimemamma med dottera Miriam (1 ½). Femåringen har ho i barnehage eit par dagar i veka.

— Kontantstøtta er ei kjempeordning, det er utruleg viktig å ha moglegheita til å vere heime med eigne barn, seier Søilen. Ho får rungande støtte frå naboen.

— Kontantstøtta gjer det mogeleg for oss å dela den første tida med barna våre, skyt Espeland Moen inn, før ho held fram;

— Stadig vekk får eg spørsmål om korleis eg klarar meg i denne situasjonen, men eg meiner det er snakk om prioriteringar, seier ho.

— Det er så mykje snakk om den beste jobben og dei flottaste feriane. Me prioriterer annleis, seier ho før ho hjelper minstemann med saftglaset rundt hagebordet til veninna.

- Tradisjonelle mødre

I kommunen er det to barnehagar, ein kommunal og ein privat. På grunn av liten etterspurnad har det ikkje eksistert noko småbarnsavdeling i desse dei siste åra.

— Rett og slett fordi veldig mange mødre vel å vere heime dei første åra, fortel Liv Helga Gulestøl, barnehagesjef i Jondal. Ho fortel at mange heimemødrer ikkje har noko med mangel på barnehageplassar å gjere.

— I praksis har me full barnehagedekning, ingen har til no blitt avvist, fortel Gulestøl. Ho trur heimetrenden er i ferd med å snu. Neste år opnar småbarnsavdelinga att, særleg med mange barnehageklare 2-åringar.

Fleire eittåringar

Tal frå Fylkesmannen viser at 73,5 prosent av alle hordalandsbarn i alderen eit til fem år har barnehageplass. For aldersgruppa eit til to år er dekningsprosenten 48,9, medan 89,6 prosent av alle tre til femåringar i Hordaland går i barnehage.

  • Det har vore markant auke i eittåringar som går i barnehage, fortel Gunhild R. Farstad, som forskar på eittåringar sin omsorgssituasjon. Samstundes er talet på mottakarar av kontantstøtte på veg ned. I 2002 var det i overkant av 88.000 som nytta ordninga på landsbasis, i 2007 tok imot 30.000 færre kontantstøtte.

Motstraums

Mødrene i Jondal er med andre ord ikkje som andre mødre.

— Ein merkar at ein går veldig mot straumen, men eg er ikkje i tvil om at fleire år med barna er det beste, seier Gry Søilen (27). Sjølv har ho lengre permisjon frå fast stilling i barnehage, og har ingenting imot barnehage i seg sjølv.

— Borna har det ikkje vondt i barnehagen, for all del, men eg vil ha størst del i utviklinga til mine eigne, meiner ho. Søilen trur nok det kan vere enklare å ta det same valet som ho sjølv, når ein bur på bygda, med mindre utgifter samanlikna med byen.

— Men alle kan ikkje bu i Jondal heller.

Silje Katrine Robinson