Familie og vener spådde at Ida Fronth snart kom til å vere heime igjen, då ho melde seg til førstegangsteneste.

— Dei trudde at eg ikkje kom til å vare i meir enn ei veke, seier 24-åringen.

Fire år seinare er det hennar tur til å le. Front har overlevd både tre dagar lange utmarsjar utan mat og 16 meter høge havbølgjer.

— I Forsvaret blir du godt kjent med deg sjølv og kva du toler.

Akkurat no er matrosen på eit tre vekers øvingstokt i Nord-Norge med fregatten «Otto Sverdrup». Fronth tilhøyrer eit feminint mindretal i eit maskulint arbeidsmiljø. Av eit mannskap på nær 130 personar er i underkant av 20 kvinner.

Rekrutt i kokkeantrekk

Kvinneandelen i Forsvaret er ni prosent. Forsvarsminister Grete Faremo er utålmodig. Ho meiner at rekrutteringa går altfor seint. Krig og konflikt er altfor viktig til å overlatast til mennene åleine.

Statsrådens ambisjon er at 25 prosent av rekruttane som avtener førstegangsteneste i 2015 skal vere kvinner. Det er eit godt stykke igjen. I dag er kvinneandelen nær ni prosent.

Eit tiltak for å nå målet er den nye ordninga med sesjonsplikt for begge kjønn. Målet er at 1500 kvinner skal rekrutterast til førstegangsteneste alt frå 1992-kullet. Kristin Zahl (19) fekk lyst å prøve Forsvaret og vurderte Garden først.

— Men eg hadde ikkje lyst til å gå fram og tilbake i eit år, seier klarinettisten.

Alternativ folkehøgskule

Zahl som kjem frå ein seglarfamilie, valde heller Sjøforsvaret. Målet er å utdanne seg til navigatør. Ho hadde eit håp om å få jobbe som navigasjonsassistent i førstegangstenesta. Då måtte ho først kvalifisere seg som røykdykkar, men det tunge utstyret sette ein stoppar for jobb på brua. No avtener menig Zahl si førstegangsteneste i byssa med kokkeantrekk som uniform. Arbeidsoppgåvene er matlaging, servering, proviantering og vask.

— Ikkje akkurat det eg forventa, men ein viktig jobb likevel, seier Zahl.

Ho ser på førstegangstenesta som eit friår.

— Eit år der eg jobbar, blir kjent med andre, opplever noko nytt. Som å gå på folkehøgskule, eigentleg, utan at eg må betale.

- Korleis er det å jobbe i eit så mannsdominert miljø?

— Det er hyggeleg! Men av og til kan det bli litt for "guttete", som når dei snakkar om kjærastane sine. Då er det berre å be dei om å snakke om noko anna.

Litt grovare

Vel 2600 kvinner hever løn i Forsvaret. Ei av dei er Charlotte Roth om bord på "Otto Sverdrup". Alt på ungdomsskulen sa ho til alle at ho ville inn i militæret.

— Eg vaks opp med tre brør og ville vise at eg var like tøff. På rekrutten gjorde eg alt for å hevde meg og ville vise at eg kunne bere like stor sekk som gutane, fortel Roth.

— Men du må ikkje vere supertrent for å gå inn i Forsvaret, slik mange trur, skyt kollega Ida Alvsaker inn.

Sjølvironi og sterk psyke, derimot, kjem godt med om bord. Mannskapet bur tett oppå kvarandre. Tonen kan vere litt rå til tider, men kvinnene rapporterer om godt kameratskap og samhald.

— Som jente bør du ikkje ta deg sjølv for høgtideleg. Etter å ha vore om bord ei stund, blir vi også litt grovare i måte. Vi pleier å spøke med at det blir vanskeleg å tilpasse seg sivilt liv, når vi går i land, fortel Roth.

Dei tre matrosane tvilar på om Forsvaret vil nå målet om 25 prosent kvinner i førstegangstenesta så raskt. Dei trur heller ikkje på kjønnskvotering.

— Forskjellsbehandling vil få motsett effekt. Kvinner og menn skal stå på lik linje og ha like vilkår. Det er ikkje stas å vere jente i Forsvaret om du kjem inn uansett.