— Du blir vand til kulda. I dag er det jo nesten varmt ute, meiner ein av elevane ved Palmafossen skule på Voss.

Kulda og isen har lagt seg i skulegarden på ein av dei kaldaste plassane på Voss. Med skøyter og bobledress svingar elevane seg på skøytebanen, utan å tenkje på at temperaturen er under 20 minus. Natta før hadde den vore 24.

— Når det er kaldare enn 15 minusgrader, kan elevane vere inne i friminuttet. Elles må dei ut, seier rektor Ragnhild Skjerveggen.

Sjølv sit ho inne i nokre og tjue plussgrader, medan elevane kosar seg ute i nokre og tjue minus.

Nøkkelen til å lykkast i kuldeperiodar er ein flink vaktmeister.

— Vi kan takke han for at skulebygget til ein kver tid er godt og varmt, seier ho.

Ull som gjeld

Skjerveggen fortel om elevar som synest det er kjekt når kulda kjem og dei får vere inne. Men det varar berre ei lita stund. Sist vinter hadde dei lange periodar med temperaturar langt under frysepunktet, nokre dagar med under 30 minus.

— Det blir keisamt for dei å halde seg inne så lenge. Difor tar dei på seg varme klede og går ut i friminuttet, seier rektoren.

Dei fleste går på skøyter, nokon andre sparkar ball. Dei færraste sit inne og ser på gradestokken denne tredje desemberdagen.

— Når det er så kaldt, er det ull som gjeld. Ullundertøy og tjukke labbar. Og du blir vand til kulda, meiner rektoren.

Ho var sjølv i Bergen torsdag. Då kunne vestlandshovudstaden skryte av 9,3 grader minusgrader ved målestasjonen på Florida.

På Vossevangen hadde dei 18,6 minus same dag. Og Skjerveggen er ikkje heilt einige med dei som meiner minusgradene er verre ute ved kysten.

— Då eg gjekk av stasjonen på Voss og gradestokken viste 18 minusgrader, kjente eg at det er mykje kaldare her, seier ho.

Spikrane er verst

Kvitt rim har lagd seg over heile Voss. Sidan 24. november har gradestokken vore på minussida med to tal kvar einaste dag. I helga var det eit lite pusterom med mildare ver. Men denne veka skal kulda igjen ta grepet om Voss og Vestlandet.

— Å kikke på gradestokken om morgonen er nok det aller verste, seier Arve Sunde.

Sidan juli har Sunde og ein heil gjeng frå Voss Bygg og Anlegg bygd fjøs på Skutle.

Førebels er det berre vegger, nokre spalteplank og taksperrer som er komen på plass. Verken tak eller isolasjon kan gje dei ly mot ver og vind før til jul.

Du kjenner det når vinden røskar tak i stillaset i nokre og tjue minusgrader.

— Det verste er å plukke opp spikar frå lommane. Det gjeld å fylle godt opp med mange spikar i lommane, slik at ein får tak i spikar med tjukke hanskar. Men det er vanskeleg å berre ta ein, fortel Knut Aspebakken Sværen.

Vaflar og kakao

Frå 07 til 15.15 er dei ute og snikrar. I all slags vêr og føre. 09.30 har dei eit kvarters pause, klokka 12 er det ein halvtimes lunsj.

Då set dei seg ned i ei knøttlita anleggsbrakke dei har ståande på utsida av fjøset.

— Du kan jo sjå kor mange termosar vi har på bordet her. Vi treng ein del varm drikke når det er så kaldt, seier Sværen.

På fredagar er det vaflar. Det og kakao har dei fått frå garden. Livet er eigentleg ikkje så verst for arbeidarane i brakka. Og det finst verre ting enn kulde.

— «Vadlasletto» (sludd red. anm) er det aller verste. Då blir du våt og kald, meiner dei.

Korleis taklar du kulden? Fortel gjerne i feltet under.