I andre høgda slo flammane ut. På utsida av bygget spreidde brannen seg til etasjen over. Ekspertar skjønar ikkje korleis det kunne skje så fort.

— Årsaka til at vi granskar denne brannen er nettopp at den spreidde seg så raskt. Det undrar oss, seier senioringeniør Anders Arnhus i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Svarte av sot

Fagfolk frå direktoratet undersøkte torsdag dei utbrende omsorgsbustadene i Høyanger. Dei gjekk frå rom til rom der tak og vegger er svarte av illeluktande sot, og golva ligg dekka av vatn frå sløkkjearbeidet.

DSB-ekspertane kom til Høyanger onsdag kveld, og starta med å gå gjennom arkitektteikningar og anna skriftleg dokumentasjon om det ti år gamle bygget. I går var det synfaring på branntomta og området rundt.

— Det som slår oss i augo er at det må ha vore gjort godt førebyggjande arbeid. Folk visste kva dei skulle gjere. Når situasjonen blei takla så bra, tyder det på god trening.

Starta i levande lys

Politiet meiner at eit gløymd stearinlys og open eld i eit husvære i andre etasje var årsaka til brannen.

— Både arnestaden og brannårsaka er fastslått rimeleg sikkert. For oss blir det då å sjå etter korleis brannen har spreidd seg, korleis barrierane som skal halde tilbake flammar og røyk har fungert og kvifor brannen utvikla seg så fort.

DSB skal leggje fram den endelege rapporten om brannen i vår.

Rune Sviggum, Ytre Sogn Avis/SCANPIX