«Missing Link» er mottoet for arkitektgruppas utkast til nytt sentralbygg for Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tittelen speglar på at arkitektfirmaet har lagt vekt på å binde saman høgskulebygga i Fosshauganeområdet.

Vinnarutkastet blei presentert i i dag, og juryen konkluderer med at «Missing Link» skilde seg klart ut. Høgdeskilnaden på 25 meter mellom stadionbygga på Fosshaugane og det eksisterande høgskulebygget på Foss ved Sogndalselvi, har vore den største utfordringa for prosjektet.

– Vinnarframlegget har greitt å omskape problemet til eit potensial. Arkitekten har knytt stadionbygga på Fosshaugane til det eksisterande høgskulebygget slik at det utgjer ein heilskap, meiner juryen. Dei peikar mellom anna på løysinga med eit sentralrom som samlande element i bygget. Alle må innom her, og måten dette er løyst på gjer at det blir kort veg til ulike funksjonar.

Nybygget til Høgskulen skal innehalde bibliotek, læresenter for studentane, studentarbeidsplassar, kantine, sørvistorg, kontor og undervisningslokale. I alt blir sentralbygget på 7600 kvadratmeter. Kostnadskalkylen er på 200 millionar.

– Vi håpar at løyvingane skal komme i statsbudsjettet for 2008. Då kan nybygget stå ferdig i 2010, seier høgskuledirektør Hans Jørgen Binningsbø.

Når det nye sentralbygget blir teke i bruk, vil høgskulen i Sogndal ha samla alle sine aktivitetar i området kring Fosshaugane.

– Dette har vore eit langsiktig mål for oss. For høgskulen blir det ein stor fordel, seier Binningsbø.

– Høgskulen har slite med dårleg økonomi dei siste åra. Korleis vil ei slik investering slå ut?

– Normalt vil det ikkje påverke tilbodet til studentane, fordi departementet har brukt å fullfinansiere slike bygg.

Etter at vinnarutkastet blei kåra i går, startar no arbeidet med forprosjektet. Dette skal vere ferdig innan utgangen av året.

BIND SAMAN: Slik tenkjer arkitektane seg de