Teikninga er sendt inn av Ola Braanaas til byggjesaka om statuen som skal opp i kommunen. Frå høgaste punktet på øya skal kongen sjå nordover mot Sognesjøen. Plasseringa gjer at statuen blir svært godt synleg frå skipsleia. Mellom anna går hurtigbåtane til Fjord1 rett forbi.

Gulenordførar Trude Brosvik seier dei kjem til å godkjenne plasseringa.

— Det er ikkje tvil om at det er politisk fleirtal i kommunen for dette, seier Brosvik.

Nabo Kenneth Nilsen vil prøve å hindre at monumentet blir plassert på høgaste punktet på øya.

— Eg vil ikkje ha denne skiten midt på øya, sa han i BT i går.

Men entreprenøren frå Bergen vil neppe kunne nå fram.

— Det er kommunen som har mynde til å godkjenne plasseringa, understrekar Brosvik.

Mellom dei offentlege etatane som skal uttale seg om plasseringa, har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane alt gitt grønt lys. Miljøvernavdelinga har gitt kommunen melding om at dei ikkje har innvendingar til plasseringa av statuen.

KONGEN: Slik blir Knut Steens nær åtte meter høge kunstverk ståande på Skjerjehamn. ILLUSTRASJON: KINN ARKITEKTAR