- Det har allereie gått altfor lang tid med å få endeleg klarsignal for denne vegen, seier Os-­ordførar Terje Søviknes (Frp).

Dei siste dagane har han teke initiativ for å hindra ytterlegare utsetjing av den nye hovud­vegen mellom Bergen og Os.

Ved hjelp av to hastesaker for fylkestinget og fylkesutvalet 11.-12. juni, satsar Søviknes på at regjeringa kan få fram stortingsproposisjonen til godkjenning før fellesferien. Ein fylkes­kommunal garanti for bompenge­lånet og ein grunn­eigaravtale kan berga regjeringa unna prestisjenederlaget med å utsetja anleggsstarten til hausten 2015. ## Ekstraordinær sak

15. mai fortalte Bergens Tidende at Samferdsledepartementet innstilte seg på å få eit stortingsvedtak for E39 Rådal-Svegatjørn først seint på hausten. Det ville innebera anbodsbehandling vinteren 2015 og spaden i jorda hausten etter.

- Dette kan vi ikkje finna oss i. Derfor møtte eg onsdag statssekretær Bård Hoksrud. Vi blei einige om å ta initiativ på kvar vår kant for å få fortgang i ­prosessen, seier Terje Søviknes.

Os-ordføraren, som også er medlem av fylkestinget og fylkes­utvalet, har kontakta fylkes­rådmannen og fått klarsignal for at ein garanti for bompengelånet til Os-Rådal kan takast opp som ekstraordinær sak på fylkestinget 11.-12. juni. Alternativet var neste ordinære fylkesting, som ikkje er før i oktober.

Massedeponi i Fana

Samstundes som fylkestinget tek opp lånegarantien som hastesak på juni-møtet, invi­terer Søviknes fylkesutvalet til å signera grunneigaravtalen som trengst for at Hordnesskogen i Fana kan bli deponi for tunnelmassar som blir sprengt ut for motorvegen. Området tilhøyrer den fylkeskommunale Stend vidaregåande skule.

- Eg skal måndag i møte med fylkesrådmannen og Vegvesenet si prosjektleiing. Parallelt arbeider Bård Hoksrud med sine folk i Samferdsledepartementet slik at stortingsproposisjonen kan fremjast før fellesferien. Får vi til det, kan anbodsprosessen byrja etter sommarferien — med atterhald om stortingsgodkjenning. Anleggsarbeida kan dermed ta til til vinteren, og ikkje først mot slutten av 2015, seier Terje Søviknes.

Profilert på handlekraft

Hordalandsrepresentant Magne Rommetveit (Ap), medlem av Stortingets transportkomité, har omtalt det som skuffande at det låg an til nye utsetjingar av Rådal-Os frå ei regjering som har profilert seg på auka handlingskraft og gjennomføringsevne.

Terje Søviknes satsar no alt på at løpet han har lagt saman med partikollega Hoksrud i Samferdsledepartementet fører fram, slik at byggestarten kan skje komande vinter.

- Eg kan ikkje sjå at det ligg noko hinder i Hordaland for å få dette til. Vi kan rett og slett ikkje akseptera oppstart først mot slutten av 2015, seier han.

Diskuter saka under: