Orkanen tok straumen og kutta telefon, øydela vegar og hus. No skal kvardagen vinnast attende i Nordfjord.

— No handlar det om å få seg ein ny heim, og klare å starte på ny, seier huslause Berit Myren (66) i Lodalen.

— Dette er den finaste plassen i Lodalen. Mange turistar frå alle verdshjørne har utsikta herifrå på film, seier ho.

Det er ni dagar sidan orkanen raserte heimen hennar og la låven til jorda. Snart kjem ein ny takstmann. Inne og ute ryddar son, svigerson, vener, naboar. Dei bergar òg det som bergast kan av inventar.

— Det har vore ei dårleg jul. Dette er uverkeleg, seier Ronald Tonning, svigersonen.

LODALSVATNET LIGG DER nesten blikstille. Høgt oppe pyntar brear og snø dei mektige toppane. Men skog ligg flat oppetter stupbratte skråningar og minner om kreftene som rådde. Orkanbrølet frå 1. juledag sit framleis i - som eit mareritt.

6.jpg
JAN M. LILLEBØ

— Her ligg alt vi sleit for, seier Berit. Det er tøft for ho å vere attende og vasse rundt i øydelegginga.

Etter julefeiring med ei av døtrene i Olden drog ho heim 1. juledag. Utover kvelden bles det kraftig opp. Lyset gjekk, og ho tok seg ned i kjellaren med ei hovudlykt og nokre vekeblad.

Orkanen dundra som eit bombefly gjennom dalføret. Så høyrde ho stoveglaset bli knust. Då gjekk ho inn i eit soverom i hjørnet av kjellaren. Kjende det var eit trykk i huset etter at vindauget hadde blåse ut. Ho fekk ringt sonen før telefonkontakten til Lodalen forsvann.

— Eg skjøna det var livsfarleg då stoveglaset for, fortel Berit. Ho kom seg ut i garasjen, der ho til slutt vart berga av naboen Jan Ove Hogrenning. Berit takkar familie og alle naboar og vener som har gitt ho hjelp. Ho veit ikkje korleis det hadde gått utan. I veka søkte ho òg profesjonell hjelp hos lege.

— Eg håpar eg får hjelp, slik at eg kan kome meg og starte på nytt.

7.jpg
JAN M. LILLEBØ

RASERINGA AV HEIMEN hennar vekkjer fram vonde minne og opplevingar. I 2008 miste ho eit barnebarn i trafikkulykke. I 2009 miste ho mannen sin. Det har vore frykteleg tøffe år, seier ho. Ho tenkjer òg på tidlegare uvêrshendingar.

— Under orkanen i 1992 blei eine sideveggen øydelagt. Eg har levd med snøskred på sidene her. Det har skjedd så mykje no at eg orkar ikkje flytte attende. Eg vil heller ikkje utsetje familien min, dei som skal vitje meg, for desse rasutsette vegane, seier Berit. Sidan orkanen herja har Berit budd hos yngste dottera i Oldedalen.

— Eg håpar å finne eit nytt hus, ein trygg heim, så fort som mogleg. Eg vil helst bu i Loen eller Olden, nær ungane mine, fortel Berit. Ho er redd ho får trekk i forsikringsutbetalinga.

— Sidan eg ikkje byggjer opp att på same plassen, seier ho. Berit har òg drive ein liten campingplass her, dei siste åra mest på hobbybasis.

— Det yngste barnebarnet mitt sa: Kvar skal vi no feire jonsok? Men garden vil vi byggje opp att, slik at vi kan vere her om somrane.

DEI VAR NI DØGN utan straum i Lodalen. Men med eit traktoraggregat forsynte Jan Ove Hogrenning 15 personar med straum dagane då kraftlinjene var sette ut av spel. Det gjekk med tusenvis av kroner i diesel.

— Dyr straum, kan du seie. Men vi som bur her må vere førebudde. Far min kjøpte aggregatet etter nyttårsorkanen i 1992. Vi har klart oss bra, det er verre med det offentlege, dei var ikkje førebudde, meiner Jan Ove.

21.jpg
JAN M. LILLEBØ

Orkanen var så kraftig i Lodalen at traktoren hans heldt på å blåse av vegen då han køyrde av garde for å evakuere Berit Myren. Hogrenning fortel at mykje av skogen han eig, ligg flat. Skogsvegane må ryddast i lang tid framover. Jula var over etter julekvelden i år. Heile romjula gjekk med til opprydding.

— Og vi får ikkje fritidsproblem med det første, seier han. No er han attende i jobb hos Nordfjord Kjøtt, sambuaren Ingvill Tronrud jobbar i Stryn kommune. Somrane driv dei Kjenndalsstova turistkafé og turistbåt på Lodalsvatnet. Naturen trekkjer til seg enormt mykje turistar, og turismen har røter tilbake til 1800-talet her.

Jan Ove og sambuaren seier at dei opplevde det å vere utan telefonsamband som mest alvorleg etter orkanen. Dei tør ikkje tenkje på kva som kunne ha skjedd dersom nokon hadde blitt skadd. I Lodalen bur 85 menneske.

LODAL ER EI FARLEG  vakker grend. I 1905 og 1936 tok ras og påfølgjande flodbølgjer 62 og 74 menneskeliv. Det er mellom dei verste naturkatastrofane i Norge.

— Garden vår, staden den ligg, er den einaste i dalføret som ikkje er teken av flodbølgje, steinras eller snøras, elles trur eg alle gardsbruk har vore ramma gjennom historia.

Det er ikkje snakk om å flytte frå plassen dei bur. Jan Ove seier faren hans sørgde for at huset blei bygd med doble dimensjonar i høve til krava som vart stilte då det vart bygd på 80-talet. Og slektstreet viser at slekta hans har vore i Lodalen i fleire hundre år, fortel han.

— Det er verdas finaste plass, sjølv om det kan vere tungvint og slitsamt å bu her.

UVERKELEG: Det er ni dagar sidan orkanen raserte heimen hennar og la låven til jorda. - No handlar det om å få seg ein ny heim, og klare å starte på ny, seier huslause Berit Myren (66) i Lodalen.
JAN M. LILLEBØ