Vatn og minusgrader. Oppskrifta er ikkje spesielt avansert, men det ligg mykje arbeid bak ein god skøyteisbane.

– Med eit flatt areal er det gjort på nokre timar. Du kan leggje is om kvelden og gå på skøyter dagen etter, seier skøyteentusiast Atle Bergseth.

Problemet oppstår når banen ikkje er heilt flat, slik fotballbaner ofte ikkje er. Dermed renn vatnet litt for fort og feil og nokon må vatne endå meir. Då kan det ta meir tid. Det er ikkje noko problem i Meland.

– Eg jobba natt og dag mellom jul og nyttår, fortel Bergseth.

Dermed kan hundrevis av nordhordlendingar prøve skøytene på Fossemyra i Meland.