Går det som Bara Eiendommer AS vil, kjem heile det 48.000 kvadratmeter store området mellom Fabrikkgaten og Edvard Greigs vei aust for Danmarksplass til å bli totalt endra.

I det utbyggaren kallar «Krohnstadparken» er det planlagt mellom anna fem høghus, eit sju etasjar høgt parkeringshus og fleire mindre bygg på det gamle industriområdet.

Dei planlagde bygga skal hovudsakleg bli kontorlokale, i tillegg til 250 leilegheiter. Golvarealet er rekna til 125.000 kvadratmeter, og vil gje plass til om lag 4000 arbeidsplassar.

Byrådet støttar prosjektet, sjølv om dei krev at utbyggjarane reduserer byggehøgdene noko.

Høghus på Peppes-tomt

Det arkitektoniske flaggskipet i prosjektet er eit høghus på 11 etasjar, som vil stå om lag der Peppes Pizza held til i dag. Det vil stå midt i mot deg, når du køyrer frå byen over Danmarksplass.

Byrådet går inn for at dette bygget blir redusert til åtte etasjar, som vil seie at det kjem akkurat under «høghusgrensa» på 27,5 meter.

Også langs Fjøsangerveien er det planlagt fire høge blokker. Utbyggjaren ønskjer ni etasjar, medan byrådet vil ha dei ned til sju.

I går argumenterte Bara-sjef Knut Galtung Døsvig og arkitekt Tor Lund for å auke høgdene frå sju til åtte etasjar, mot at dei reduserer dei mellomliggjande bygga med ei etasje. Det gjorde dei på formøtet til Komite for miljø og byutvikling, som skal ta stilling til planen på torsdag.

— Fint for strøket

Men sjølv om dei ikkje vert høyrd er innvendingane frå byrådet ikkje større enn at Galtung Døsvig vil byggje.

— Innstillinga er for så vidt grei nok. Vi kan leve med den, seier han.

Når dei likevel vil auke høgda på blokkene langs Fjøsangerveien, er det av estetiske grunnar, seier han.

— Når dei kuttar to etasjar blir det for lite spenning mellom lamellane (blokkene) og bygga i mellom. Dette er ei reint estetisk vurdering. Vi som utbyggjarar ønskjer å bygge noko som er estetisk fint for strøket.

— Reknar de med at planen går gjennom i komiteen torsdag?

— Vi vonar det, seier Døsvig.