Fargesprakande fjell ruvar over fjorden. Dei speglar seg i det stille vatnet, tilsynelatande uforstyrra av aktiviteten i tettstaden. Fjorden er omringa av grønt, raudt, oransje og gult.

Det er no store, raude eple finn vegen frå tre til taske, frå taske til kasse, frå kasse innom maskin, til drykk på plast, eplemost til folket. Det er no epla skal haustast.

Sauer med promille

Sesongen er frå 5. september til slutten av oktober hjå epledyrkar Nils Lekve i Ulvik. Når alt er hausta, pressast det fram til jul, då er tida inne for trimming av tre, så kjem våren og ein må gjødsla og sprøyte, og så kjem turistane, dei vil vite, og smake, og Lekve fortel, og arrangerer selskap samstundes som han driftar garden. Så er tida inne for å byrje på hausting igjen.

— Vi har fem sorter eple her på garden: Prins, Discovery, Gravenstein, Summerred og Aroma. Dei to fyrste modnar først, så Gravenstein og Summerred, og Aroma sist. Når epla er plukka, tek me til å presse dei. Då går dei først gjennom pressa, så blir eplesafta frakta opp i ei tank, inn i ei sentrifuge for å få ut dei grovaste partiklane i safta, over i ein pasteuriseringsmaskin der ho blir varma opp. Så fyller vi plastposar med safta og ventar til ho blir nedkjølt, før vi pakkar det inn i pappkartong. Når vi lagar sider, fyller vi fersk saft på sidertankane. For at sideren skal bli alkohol, må ho gjærast i mellom sju og ni månader, fortel Lekve.

Epleskalet, som er forunderleg tørt etter ein runde i pressa, blir køyrd ut av bygningen, og lasta over på ein tilhengar. Skalet går til naboen sine sauer.

— Men dei må eta det raskt, så det ikkje gjærar og blir til alkohol. Då får me glade sauer, humrar epledyrkaren.

Blowout

Nils Lekve er både fruktdyrkar, turistguide, sider- og eplemostprodusent. Som om ikkje det var nok, har han no byrja med eplebrennevin. Det er ein heilårsjobb, må vite, å halde eple.

— Sjå der. Sju tusen omdreiingar i minuttet.

Lekve står føre sentrifugen. Epla er plukka og pressa, no skal dei i sentrifugen. Fruktkjøtet må ut så eplemosten blir klar. Nokre titusentals omdreiingar seinare kjem ein blowout. Maskinen spyr ut fruktkjøtet ho har sentrifugert ut, som renn ut på golvet og ned i avløpsrøyr. Safta kan bli frakta vidare.

Kva då med vêret?

Omkransa av greinar og fullmodne eple står nokre tsjekkarar og eit par polakkar. Dei er i Ulvik av ulike grunnar. Irek Sulikowski fordi han har ferie frå jobben som brannmann i Polen, Jana Marecková fordi ho har vore i Norge i ti månader tidlegare, og gjerne ville tilbake. Ho trivst så godt i fjella her.

— Dette er fyrste gong eg er i Norge. Eg har plukka bringebær i Tyskland og køyrd truck i Irland. Det er ein fin stad, dette. I helgane kan vi gå i fjellet og fiske, i veka plukkar vi, fortel Sulikowski.

Hundre tonn eple

Ulvik er ein liten stad, med mykje å fortelja. På spørsmål frå byfolket, peikar Lekve.

— Der budde han, ja. Olav.

Dalsida er dekka av epletre. Nils Lekve er ikkje den einaste epledyrkaren i Ulvik. Også diktaren var gartnar. Olav H. Hauge, altså. Bygda avlar gode gartnarar, med god hjelp frå Hjeltnes vidaregåande skule, som også tilbyr gartnarutdanning til vaksne. Eple og poesi, begge kjem dei frå Ulvik.

Her bur rundt 1100 innbyggjarar, skal ein tru epledyrkaren. Når det ikkje er sesong for epleplukk, er Lekve aleine om drifta på garden.

— Rundt halvparten av epla vi brukar, kjem frå min gard. Resten kjøpar vi frå andre gardar og fruktlageret. Her plukkar vi rundt 100 tonn eple kvar haust, fortel Lekve.

Men et han mykje eple sjølv, dyrkaren?

— Å, ja. Under pressinga et eg fleire eple om dagen. Ein blir aldri lei eple.

I EPLELAND: Jana Marecková frå Tsjekkia er i Ulvik for å plukke eple. Ho budde i Telemark for nokre år sidan, og no er ho tilbake i Noreg. Når ho ikkje plukkar eple på Lekve gard, er ho på oppdagingsferd i den norske fjellheimen.
SJEFEN: - I år har vi god avling. I fjor var det elendig. Ein ekstremt sur og våt vår gav lite eple, fortel Nils Lekve, som må passe maskineriet til ein kvar tid.
SPRITFEST: Frå hausten av er Nils Lekve også eplebrennevin-produsent. Han har testa ut produktet sjølve, og tykkjer det smakar godt. Ja, og så har han ein fransk brennevinsekspert som har hjelpt han.
RUNDTUR: Det er ein omstendeleg prosess å vere epledyrkar. No brukar Nils Lekve alt han kan bruke av mark å dyrke på, inkludert naboen sin.