Det er Oma Baatbyggeri som på ny får eit stort byggeoppdrag frå Tide Sjø. Verftet på Stord skal levera begge dei to passasjerkatamaranane for rutene som Tide overtek frå Fjord1 fram til 2020 etter ein omstridd anbodskonkurranse.

Oppdraget til i alt rundt 120 millionar kroner sikrar sysselsettinga ved Oma Baatbyggeri i halvtanna år. Dei 35 meter lange fartøya med plass til 290 passasjerar kvar og med ein marsjfart på 35 knop, skal inn i rute frå 1. mai 2012.

I mars i år overleverte Oma ein tilsvarande snøggbåt til Tide Sjø, den går i Flaggruten mellom Stavanger og Bergen.

Måndag signerte administrerande direktør Ivan Fossan i Tide Sjø og dagleg leiar Gustav Oma ved Oma Baatbyggeri kontrakten om dei to nye snøggbåtane. I tillegg er partane einige om ein opsjon på yttarlegare to fartøy levert frå Stord-verftet til snøggbåtruter i Sogn og Fjordane, går det fram av ei pressemelding.