Ein samrøystes jury meiner det trekanta betongamfiet Code vil byggje, kan bli ein hovudattraksjon på dei nasjonale turistvegane i landet.

Fjellovergangen på riksveg 13 mellom Sogn og Sunnfjord kjem hausten 2011 i selskap med 17 andre vegsamband som har fått status som nasjonale turistvegar. Frå året etter skal vegane marknadsførast tungt som ein særeigen turistattraksjon.

For å gjere Gaularfjellsvegen meir attraktiv, lyste Statens vegvesen ut ein konkurranse for å smykke utsynspunktet mot Sogn, der vegen svingar seg oppover fjellsida frå Vetlefjorden. I konkurranse med tre andre utkast, har juryen samrøystes kåra Codes framlegg, eit betongflak som reiser seg i tre endar, som det beste.

– Dette kan bli arkitektur av internasjonalt format, meiner juryen.

Code vil byggje eit amfi på 420 kvadratmeter med løfta hjørne mot nord, sør og vest. Ytst på den nordlege spissen vil dei besøkjande få den mest dramatiske opplevinga. Frå sør er det godt utsyn mot skaret der riksvegen kjem ned frå fjellet. Her er det føreslått ei tribune. I det siste hjørnet ligg toaletthuset. Betongamfiet vert laga slik at vegfarande kan gå ut i terrenget gjennom opningar, og på den måten søkje ly i ruskevêr.

Code Arkitektur
LUFTIG: Utsynet på den ytre spissen blir spektakulært.
Code Arkitektur
BETONGAMFI: Forslaget frå Code Arkitektur vann i konkurranse med forslag frå Ramstad Arkitekter og Jensen & Skodvin Arkitektkontor
Code Arkitektur