• SPENNANDE HISTORIE: Breen fungerer som eit termometer for klimaet. I vår tid har Folgefonna byrja å fortelje ei historie som syner seg å løyne viktig informasjon om klimaet tusenvis av år attende. FOTO: Pål Hermansen/Samfoto

Slik avslører isen nytt klima

Gruvearbeidarane nytta kanarifuglar for å sjekke om det var nok oksygen i gruvesjaktene. På same måte blir Folgefonna brukt til å varsle om endringar i klimaet. Folgefonna er kanarifuglen i klimasystemet.