Det seier styreleiar i Askøybrua AS, Øystein Holmelid, til Kystradioen.

For å unngå at askøyværingane skal få ein utvida bompengeperiode meiner Holmelid einaste utveg er å innføre elektronisk autopass-system.

— Når vi kortar ned bompengeperioden ved å innføre elektronisk billettsystem, gjer vi eit signal til Stortinget om at vi ikkje akseptere at bompengeperioden blir utvida når brua er nedbetalt, seier Holmelid.

På Askøy er det kraftig motstand mot autopass-systemet, fordi det vil gjere det dyrare å reise over brua for dei som ikkje er abonnentar.