Bonden har forklart at gjødselkjellaren var i ferd med å gå full, og at han var nøydd til å gjere noko.

Det var seint i går kveld at kring 220.000 liter gylle blei sleppt ut i det varig verna vassdraget. Utsleppet pågjekk over fleire timar. Bonden er no meld til politiet

Utsleppet skjedde ved Sygna i nedre delen av Gaularvassdraget. Frå utsleppsstaden til elveosen inst i Dalsfjorden er det kring fire kilometer.

Det er førebels uklart kor store skader gylleutsleppet har ført til. Gaularvassdraget er ei av dei beste lakseelvane i Sogn og Fjordane.