Ulukka skjedde klokka 19.15 om kvelden 22. juni i år.Føraren av bilen fekk førarkortet beslaglagt, men er no ikkje lenger mistenktfor noko straffbart.

I ferd med å snu

— Saka er lagt vekk etter bevisets stilling, opplyserstatsadvokat Magne Nyborg til bt.no.

Ulukka skjedde inne i den drygt sju kilometer lange Høyangertunnelen.Den sikta 36-åringen kjørte ein personbil på veg mot Høyanger, men var i ferdmed å snu inne i tunnelen då motorsykkelen traff han i sida.

— Føraren skulle snu for å kjøre tilbake, og bilen stod påskrå over i motgåande felt, seier Nyborg.

Kjørte utan lys?

Ifølgje Nyborg har etterforskinga også vist at hovudlyset påmotorsykkelen Nesse kjørte truleg ikkje var påslått.

— Eitt av vitna har stadfesta dette. Vedkommande kjørteframfor ulukkesbilen, og møtte motorsykkelen inne i tunnelen, seierstatsadvokaten. – Då var ikkje hovudlyset på.

Også dei tekniske undersøkingane av motorsykkelen støttardenne konklusjonen.

— Skulle vi ha tatt ut tiltale, måtte vi kunne prove i rettenat bilføraren opptredde aktlaust ved å svinge over i motgåande felt utan åoppdage motorsykkelen som nærma seg.Slik prova ser ut, kan vi ikkje dette, seier statsadvokat Magne Nyborg.