TERJE ULVEDAL

— No er eg berre veldig letta, seier Solheim til Bergens Tidende.

I går føremiddag fekk han vite at politiet har lagt vekk saka. Blodprøven som blei teken, viste at Solheim hadde ein promille på 0,66. Promillegrensa til sjøs er 0,8.

— Frå dette skjedde og til eg fekk meldinga i går om at saka er lagt vekk, har eg kjent det som eg hadde noko tungt over meg, seier Solheim.

Dreiv mot land

Like før midnatt siste laurdagen i august fekk Solheims kamerat motorstopp med ein 24 fots stor fritidsbåt ved Ausesundet, ikkje langt unna rullebana på Florø Lufthamn. Havaristen sleppte ankeret, men fekk ikkje feste på sjøbotnen. Båten dreiv mot svaberga, og ein fortvila båtførar ringde både AMK og kameraten Henning Solheim om hjelp.

Solheim var ute på byen med vener, men reagert lynkjapt då han fekk den dramatiske naudmeldinga. Han har sin eigen båt i ei småbåthamn berre minutt unna havaristen. Solheim og ein ven sprang til hamna og sette til sjøs. Då han kom fram, låg kameratens båt og slo mot berget i meterhøge bølgjer.

Drukke nokre øl

Solheim fekk slepar om bord, og taua fritidsfartøyet til hamn. Men der stod politiet klar med alkometer. Redningsmannen bles raudt. Frå bergingsmann gjekk han til å bli promillemistenkt.

Solheim har aldri lagt skjul på at han hadde drukke.

— Eg hadde teke nokre øl, men var fullt handlekraftig og ikkje spesielt rusa. Eg hadde gjort det same igjen dersom nokon i havsnaud trengde mi hjelp, sa Solheim til Bergens Tidende dagen etter den dramatiske hendinga.

Feil innstilt?

I følgje politiet var alkometeret innstilt til å gje raudt utslag på over 0,8 promille. No viser altså blodprøva at Solheim hadde 0,66 i blodet. Til Bergens Tidende stiller Solheim spørsmål ved om politiets alkometer kan ha vore kalibrert til promillegrensa.

Politiet antyda etter hendinga at dei ville vurdere saka opp mot naudretten. Grunnen er at fritids- og småbåtlova opnar for at ei elles ulovleg handling kan bli lovleg som følgje av naudretten.

Men sjølv om politiet sa dette, har Henning Solheim følt han har hatt saka hengande over seg.

— No er eg først og fremst svært godt nøgd, seier han.

<b>FRIKJEND:</b> Henning Solheim kasta seg i båten og redda ein kompis i havsnød.
Oddleiv Apneseth