LENA VERMEDAL

— Dersom me får bruka hausten kan me klara å gjennomføra nedbemanninga utan å seia opp folk. Det trur eg me skal klara, seier Helga Stautland Onarheim, personaldirektør i Helse Fonna.

Redusering av 120 årsverk skapte mykje uro blant dei tilsette på sjukehusa i Odda, på Stord og i Haugesund i vinter. No ser det altså ut til at dei slepp billegare unna.

Mange kvinnelege tilsette gjer at det er stor omskifting av personal i helseforetaket. I tillegg har det vore stopp i bruk av mellombels tilsette og mindre bruk av vikarar.

I midten av mai var kring 100 stillingar kutta og 23 årsverk stod att.

— Av dei 23 er det berre 10-12 som me ikkje har funne jobb til i dag. No kartlegg me om dei kan nyttast andre stader i helseforetaket, seier personaldirektøren.

Helse Fonna skal spara 60 millionar kroner på stillingskutta.

— Me er spente på korleis det skal gå med 120 færre stillingar og krav om like stor yting framover. Me må løpa meir når det blir færre pleiarar til å ta seg av pasientar, seier Jan Inge Sørheim, styrerepresentant for dei tilsette i Helse Fonna.