Entreprenørselskapet som søkte Stord kommune om inntil 15 millionar kroner i erstatning etter tapt anbod, vann ikkje fram i retten.

Bergensbaserte Erstad & Lekven Utbygging AS tapte først klagemålet i Klagenemnda for offentlege anskaffelser (KOFA). No har selskapet også lidd nederlag i Sunnhordland tingrett.

Ifølgje Erstad & Lekven burde Stord kommune ha vraka den valte entreprenøren – W. Engelsen frå Stord – til bygginga av det privatoffentlege samarbeidsprosjektet Backertunet i 2004. Erstad & Lekven meiner at kommunen braut regelverket og endra konkurransereglar og konkurransegrunnlag under forhandlingane.

KOFA konkluderte med at endringane i konkurransegrunnlaget ikkje var så vesentlege at det skulle vore lyst ut nytt anbod. Det er tingretten einig i, og peikar på at endringar blei gjort undervegs for å kutta kostnader.

W. Engelsen Eftf. AS fekk oppdraget for knapt 70 millionar kroner. Også ein tredje entreprenør som var prekvalifisert og leverte anbod, var billegare enn Erstad & Lekven Utbygging.

Erstad & Lekven er dømt til å dekkja Stord kommune sine sakskostnader med 150.000 kroner.

— Eit gledeleg resultat for oss. Vi prøvde å gjennomføra ein ryddig anbodsprosess, seier Stord kommune sin prosjektleiar for Backer-tunet, Kjell Nesbø om tingrettens dom.

Bergens Tidende