25-åringen frå Rogaland som køyrte den forfølgde bilen, er sterkt skadd etter at køyretøyet velta og tok fyr etter å ha passert politiets spikermatte i stor fart. Han har ikkje vore i stand til å kasta lys over hendinga overfor Spesialenheten.

Biljakta skjedde etter at mannskapet på ferja Halhjem-Sandvikvåg varsla politiet om at den 25-årige bilføraren virka sterkt rusa. Stord-politiet nådde ikkje fram til ferja før 25-åringen køyrde i land, og pøvde i staden å stoppa han på E 39.

Då mannen oppdaga politiet som la seg på hjul med blålys, gav han gass. Politiet gav opp då farten kom opp i 140 km i timen, og varsla kollegar i Haugesund. To patruljar rykkte ut frå Haugesund, og greidde å strekkja ei spikermatte over E 39 ved Fjontunnelen i Sveio.

Sjølv etter å ha forsert spikermatta heldt mannen fram i stor fart i sin VW Golf. 1,6 km forbi spikermatta køyrte bilen i fjellveggen, tok fyr og blei slengt over i motsett køyrebane. Føraren måtte skjerast laus frå vraket.

Spesialenheten for politiet stiller spørsmål ved årsaka til at det ikkje var sett opp skilt som varsla føraren om spikermatta. Polititenestemennene har forklart at det ikkje var tid til det, noko Spesialenheten aksepterer.

Spesialenheten skriv óg i sin rapport at det i etterklokskapens lys kan vurderast om ikkje politiet kunne bede ferjemannskapet om å halda att sjåføren. Men vedgår at det er gode argument imot eit slikt alternativ. Rapporten konkluderer med at «intet straffbart forhold anses bevist» i høve til straffelov og vegtrafikklov.