Det var slaps og vanskeleg føre då lastebilførarenen fekk sleng slik at det tunge køyretyet nærast køyrde over ein motgåande personbil. Den 61 år gamle føraren døydde som følgje av skadane.

— Vi har valt å ikkje tiltale lastebilføraren for aktlaust drap, seier politiinspektør Terje Gjertsen. - Likevel meiner vi at han ikkje tok godt nok omsyn til dei vanskelege køyretilhøva.

Statsadvokaten har likevel funne det rett å tiltale mannen for aktlaus køyring, og ikkje aktlaust drap.

Gjennom ei lovendring i fjor har terskelen for aktløyse i samband med dødsfall i trafikken blitt heva. Tiltale for trafikkdrap etter straffelova er no reservert for dei mest graverande tilfella, og fleire enn tidlegare vil sleppe med berre tiltale etter vegtrafikklova..

I denne konkrete saka påpeikar politiinspektør Terje Gjertsen at det var snøvær og svært glatt, og at politiet meiner at lastebilen har hatt meir enn 80 kilometer i timen inne i tunnelen like før ulukka skjedde. Etter ulukka vart den store lastebilen liggjande oppå personbilen, og det tok redningsmannskapa nær tre timar å frigjere den hardt skadde 61-åringen. Han døydde seinare på sjukehuset.

Lastebilsjåføren slapp unna med lettare fysiske skader.

Sunnfjord tingrett har beramma rettssaka i mars.