Ein av grunnleggjarane av selskapet Energy Recycling, Harald Hvidsten, hadde besteforeldre frå Høyanger. Firmaet legg no ein fabrikk for gjenvinning av sink frå stålstøv til Høyanger.

Startfasen

Hvidsten legg ikkje skjul på at hans slektsband spelte ei viktig rolle, då Energy Recycling starta arbeidet med å finne ein plass for å realisere industrikonseptet sitt.

— Besteforeldra mine budde der, far min vaks opp der, og i ferien var vi i Høyanger veldig ofte. Min tilknyting gjorde at vi alt frå starten var merksame på Høyanger som industristad, fortel Harald Hvidsten til Bergens Tidende.

Hvidsten er ein av fem personar som står bak selskapet som blei etablert då dei fekk overta lisensen for produksjonsmetoden dei skal bruke i Høyanger. Energy Recycling, som held til på Rudsletta utanfor Oslo, har heile tida hatt som mål å få i gang industriell produksjon med stålstøv som basis. No er dei nærare enn nokon gong

Slugfabrikken

Energy Recycling skal bruke den tidlegare Slugfabrikken som Hydro Aluminium la ned i 1998. I full drift kan fabrikken gje Høyanger 50 nye arbeidsplassar.

— Ein del faktorar manglar framleis. Mellom anna forhandlar vi med Hydro om Slugfabrikken, seier Arnfinn Thomassen i Energy Recycling.

Men med den velvilje som er vist både frå kommunen og Hydro, reknar Energy-leiinga med at også dei siste brikkene skal falle på plass. Mellom anna får selskapet rett til å bruke av konsesjonskrafta, noko som vil gje rimeleg straum til drifta.

— Går det som vi trur kan det bli endeleg avgjerd om å starte i Høyanger i oktober/november. Då kan arbeidet med å byggje om og ruste opp Slugfabrikken ta til alt mot slutten av året, seier Thomassen.

Full drift i 2005

Totalt reknar selskapet med å investere mellom 100 og 150 millionar kroner. Investorane er på plass, og selskapet forhandlar no med SND og bankar.

— Vi reknar med oppstart i det små i 2004, opplyser Thomassen. Full drift blir det først i 2005. Ordførar Kjartan Longa legg ikkje skjul på at etableringa er svært viktig for eit samfunn som har vore hardt pressa dei siste åra. Nedbemanning og uvisse kring aluminiumverket, vanskar med drifta ved felgfabrikken Fundo og avvikling av Slugfabrikken har lagt som mørke skuggar over industristaden.

— Veldig positivt at det i desse tider også er investorar som torer satse i Norge, kommenterer Longva.

Energy Recycling har også vurdert Odda og Mo i Rana.

— Når selskapet no satsar her, er vel den kanskje viktigaste grunnen at forholda ligg svært godt til rette for slik produksjon, meiner ordføraren.