Då stiller Klara i bunad, sydd av bestemor til Mette-Marit, og heldige Marius kan vente seg litt av ei overrasking.

82-åringen Tormod Fosso står midt i det velstelte, blømande tunet utanfor kårhuset på garden Fosso. Her vart Brita Fosso født i 1904, og her vaks ho opp. Eller Brita faste, som Tormod kallar tanta si. Ho døydde i 1986, og var bestemor til kronprinsesse Mette-Marit.

Neste veke kjem kronprinsparet på offisielt besøk til Hardanger og Sunnhordland. Tysdag ettermiddag og kveld er følgjet kome til Norheimsund, men privat besøk i Vikøy blir det ikkje tid til. Til det er programmet for tett.

— Me som hadde gledd oss til å ta imot Mette-Marit her, og servere henne gamaldagse potetkaker, seier Tormod, og peikar mot det store steinbordet i hagen.

Men til middagen på Sandven Hotel om kvelden er både Klara og Tormod inviterte, saman med sonen Olav, som er tremenning til Mette-Marit, og kona hans Sigrid. Før dei set seg til bords, skal dei fire besøkje dei kongelege på hotellrommet. Dit kjem dei ikkje tomhendte.

— Me skal overrekkje ein kvammabunad til vesle Marius. Ein spleisebunad frå slekt og familie, fortel Klara.

Oldemor malt av Tidemand

I generasjonar har Fosso-slekta vore kjent for sine staute kvinner. Som Mette-Marit var også bestemora og oldemora hennar vakre, høge og slanke.

— Fossojentene var så høgreiste og fine, det vart sagt at dei hadde Fosso-lengd, minnast Tormod Oldemor Guri vart lagt merke til av målaren Adolf Tidemand, som stadig besøkte Vikøy, og ho stod modell for han i krunebrurstasen sin. Ho var også modell, då han målte det kjende Haugianar-biletet i den gamle prestegarden i Vikøy.

Både Guri og dottera Brita var flinke med handarbeid, antan det var veving, strikking, sying eller sauming. Dessutan var dei dyktige budeier.

— Så Mette-Marit har budeierøter, og kan bli ei god budeie på Skaugum, hvis det er dét om å gjere, forsikrar Tormod.

Populær på dansegolvet

Bestemor Brita var kjent som ei livat ungjente, danseglad og populær.

— Ho var i vinden, som dei seier. Alltid på golvet, aldri benkjefyll. Brita ville ut i verda og begynte på meieriskulen på Sola. Der møtte ho meieristyrar Sverre Tjessem, gifte seg med han og vart buande i Rogaland til ho døydde. Men kvar sommar og høgtid kom ho heim på besøk, og hadde med seg eksotiske nyvinningar frå byen.

— Me gledde oss alltid til Brita faste skulle kome, det følgde så mykje liv med henne. Av henne fekk eg ein opptrekksbil, den første eg hadde sett av det slaget. Og ho hadde med seg kvitost, det hadde me aldri smakt før, fortel Tormod.

I si tid fekk Klara ein flott Rogalandsbunad i gåve, sydd og brodert av sjølvaste bestemor til Mette-Marit. Den skal ho sjølvsagt ha på seg under middagen tysdag kveld.

Gler seg til møtet

Mette-Marit har ikkje besøkt slekta si her i Vikøy sidan ho var 5ý6 år gamal.

— Det hugsar eg godt. Ei fin lita, ljos småjente. Eg kjenner att Marius i henne, han er så lik mor si frå den tida.

— Korleis er det å bli «gifta inn i» kongehuset? - Det tek eg med knusande ro, kjem det bestemt frå Klara.

— Å, det er ein ny følelse. Både kjekt og spennande på same tid, skjemtar Tormod. Vikøy-slekta gler seg til å møte kronprinsparet neste veke.

— Klart det er ei stor ære for oss i slekta å få helse på dei. Ikkje berre for oss, men også for bygda og kommunen at dei vil sjå om oss.