Bergingsselskapet Eide Marine Services får 2500 kroner døgeret for å ha vraket av ulukkesskipet liggjande på området sitt i Høylandsbygd. Staten ved Justisdepartementet har fleire gonger gjort framlegg om å hogga opp skipet, men har snudd etter krav blant anna frå Sleipner-støttegruppa og den tiltalte kapteinen sin forsvarar.

— Vi lever av å leiga vekk areal og tenester, og har ein kontrakt med Justisdepartementet å halda oss til. Straks dei bestemmer seg for å hogga opp, så gjer vi det, seier dagleg leiar Georg Eide i Eide Marine Services.

Åtte millionar kroner

Så langt har det offentlege hatt åtte millionar kroner i utgifter med å ta seg av vraket av den flunkande nye katamaranen som gjekk ned ved Bloksene på Sletta 26. november 1999. I tillegg kjem kostnaden med granskingskommisjonen, søk etter omkomne, etterforsking og ulikt rapportarbeid.

Riggselskapet Stolt Rockwater fekk 1,4 millionar kroner for det mislukka hevingsforsøket på «Sleipner» i mars 2000. Eide Marine Services fekk 4,5 millionar kroner for hevingsjobben sommaren 2000.

Ventar på dommen

Den tiltalte kapteinen Sverre J. Hagland sin forsvarar, advokat Per Magne Strandborg seier at han ikkje har teke stilling til kva som bør skje med «Sleipner»-vraket når Sunnhordland tingrett feller sin dom 11. november.

— Eg må først lesa premissane i dommen før eg tek stilling til spørsmålet, seier Strandborg til Bergens Tidende.

Det var varsla synfaring på vraket før den fire veker lange rettssaka på Stord førre månad. Men kravet blei fråfalle av alle partar, og blei ikkje gjennomført. Så seint som i sommar var tekniske ekspertar om bord i vraket for å innhenta opplysningar til bruk i rettssaka.

2500 DØGNET: Bergingsselskapet Eide Marine Services får 2500 kroner døgeret for å ha vraket av ulukkesskipet liggjande på området sitt i Høylandsbygd.
ARKIVFOTO: OVE A. OLDERKJÆR