Det var sist torsdag at to sjuandeklassar frå Trudvang skule var i Bergen på klassetur. Etter at det fastlagde programmet var avslutta, skulle elevane gå ei stund fritt rundt i sentrum.

— Brått kom ein ungdom og skubba i meg. Eg ba han slutte, og gjekk vekk, fortel Erlend Hillestad. Like etter kjende han eit stikk i nakken. Deretter fekk han eit hardt knyttneveslag i tinningen. Stikket i nakken viste seg å vere ein glødande sigarett.

— Ingen av ungdommane sa noko før dei slo. Kameratane mine blei så redde at dei sprang unna, fortel sjuandeklassingen til Sogn Avis. Heldigvis var ein av lærarane like ved, og Erlend fekk fort hjelp. Sogndølen kjem frå den dramatiske hending utan mein. Sjølv meiner han guten som slo, og to andre ungdommar i 15-17 års alderen, hadde "sett seg ut" Trudvang-elevane tidleg på dagen.

— Vi la merke til at dei følgde etter oss. Fredag blei overfallet tatt opp i klassane, og foreldra blei informerte.