— Ein person vart nedslått på Kaupanger og vart sendt til sentralsjukehuset i Førde. Mannen var medvitslaus då han vart frakta frå staden. Skadeomfanget forøvrig er ukjent, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet kom rask til staden og i kontakt med vitner. Gjerningspersonen har vedgått forholdet. Saka vil bli vidare følgt opp av politiet i Sogndal.