Skipskapteinen og hobbyflygaren frå Stord fekk eit dramatisk møte med eit jorde på Jæren, men kunne krypa heilskinna ut av maskinen etter naudlandinga.

— Landinga gjekk greitt, den. Men det var motbakke, og rotoren slo i bakken slik at eg velta, seier Nessa.

Torsdag offentleggjorde Statens havarikommisjon for transport rapporten om ulukka som skjedde 9.oktober 2009. Nok ein gong var det problem med drivreimene for denne helikoptertypen - RotorWay EXEC 162 - som var årsak. Ei av reimene som overfører kraft frå motor til rotorsystem flisa seg opp slik at ein laus ende slo ut vitale elektriske pluggar. Jan Nessa, som var åleine i helikopteret på veg til Stord, mista all motorkrafta på helikopteret og etablerte såkalla autorotasjon for å føreta ei naudlanding.

- Ikkje noko problem

— Gjer ein det ein skal gjera, så er det ikkje noko problem. Då eg nærma meg bakken, sette eg full pitsj på rotorblada slik at maskinen bremsa opp. Men så var det altså denne motbakken, seier Jan Nessa, som seinare ikkje har brukt det skadde helikopteret.

— Nei, eg vil ikkje opp i den typen helikopter att, seier Nessa, som er instruktør i Stord Flyklubb og disponerer både eit mikrofly og eit gyrokopter, som er ei blanding av fly og helikopter.

Han var i lufta alt dagen etter ulukka aust for Ålgård på Jæren for to år sidan. Før han førebudde naudlandinga fekk Nessa varsla Sola innflygingskontroll om motorproblemet. Så stengte han bensintilførsla og skrudde av alle brytarar før han krabba ut av vraket.

Kritisk komponent

— Eg følte meg fin, og kunne ta meg ein røyk, seier Nessa.

Havarikommisjonen kommenterer at drivreimene på helikoptertypen er ein høgst belasta sikkerhetskritisk komponent som krev kontinuerleg og korrekt vedlikehald. Fire drivreimar blir levert samla i eitt stykke, og må kuttast opp i fire separate reimar før montering. Den minste feilkutting kan fort svekka reimane.

Etter ulukka blei det klart at Luftfartstilsynet ikkje hadde noko form for luftdugleiksdokumentasjon på helikopteret, som var importert frå USA og kjøpt brukt av Nessa på Jæren i 2008. I februar 2004 fekk eit helikopter av tilsvarande type problem med drivreimane og måtte naudlanda i skulegarden på Alvøen skole i Bergen.

KAPTEIN: Jan Nessa er tidligere hurtigbåtkaptein i HSD. ARKIVBILDE: BT
BT