Dersom søknadene som denne veka kom inn til fråsegn hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane går gjennom, vil det bli tett mellom vindturbinane i kystkommunen. I alt kan kring 160 møller bli fordelt på dei fem anlegga.

— Dette er alvorleg mange. Det kan bli for mykje av det gode dersom alle blir realiserte, seier rådgjevar Tore Larsen på miljøvernavdelinga.

Konkurranse

I det 20 kvadratkilometer store området Guleslettene vest om riksvegen mellom Florø og Svelgen, har ikkje mindre enn to selskap meldt frå om planane sine til Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE).

Fred Olsen Renewables vil byggje 67 vindmøller. Selskapet reknar med ein årsproduksjon på 640 GWh. Dette svarar til straumforbruket for kring 25.000 husstandar. Konkurrenten Zephyr legg opp til å plassere ut heile 75 vindmøller på same området. Energiproduksjonen blir likevel noko lågare, fordi installert effekt av kvar turbin er mindre. Zephyr er eigd av Østfold Energi, Vardar (tidlegare Buskerud Fylkeskraft) og danske Dong Energy.

Dersom milliardæren Fred Olsen får gjennomslag for sine planar, vil Guleslettene vindmøllepark bli ein av dei største produsentane av vindenergi i landet. Av igangsette kraftverk er Statkrafts anlegg på Smøla i Møre og Romsdal det største. Her står det 68 vindmøller som produserer 450 GWh i året. Kraftverket på grensa mellom Flora og Bremanger blir likevel mindre enn anlegget som selskapet Havgul har fått konsesjon til å byggje i sjøen utanfor kommunane Sandøy og Aukra i Møre og Romsdal. Her skal 117 møller produsere 1000 GWh.

Bremangerlandet

På Bremangerlandet vil Vestavind Kraft byggje to vindmølleparkar, ein på Steinfjellet og ein nord om bygda Berle. Totalt kan det bli snakk om over 50 turbinar. Bak Vestavind står sju energiselskap på Vestlandet; BKK, Sognekraft, Sunnfjord Energi, SFE Energi på Sandane, Haugalandet Kraft, Sunnhordland Kraft og Tafjord Kraftproduksjon i Møre og Romsdal.

I eit anna område lenger vest på øya, vil Bremanger Kraft føre opp 20 vindmøller. Sentralt i dette selskapet er Per A. Løken, ein professor frå Austlandet som også tidlegare har lagt fram planar om ein vindmøllepark i dette området.

Vestavind vil også byggje vindmøller på fastlandet. Selskapet har meldt frå om at dei er i gang med å planleggje eit anlegg med 12 vindmøller ved Hennøy sør om Svelgen.

Kvart sitt nes

22. og 23. oktober skal NVE halde offentlege møte fleire stader i Bremanger for å informere om dei omfattande planane. Samla vil dei aktuelle anlegga kunne produsere nok straum til å forsyne kring 50.000 husstandar.

Ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen legg dei ikkje skjul på at dei helst hadde sett ei meir konsentrert utbygging.

— Slik vi ser det er det eit problem at desse anlegga blir liggjande på kvart sitt nes, seier rådgjevar Tore Larsen.

I Sogn og Fjordane blir det no arbeidd med ein fylkesplan for vindkraftanlegg, men denne blir tidlegast ferdig om eitt år. Inntil vidare er det NVE som i siste instans avgjer enkeltsøknader.