• Johan Fredrik Odfjell har hatt ei rekkje tunge verv i norsk næringsliv. På 80-talet var han først administrerande direktør i Investa, og deretter i Vestagruppen.
  • Odfjell var i mange år styreleiar i Orkla. I 2006 var han aktuell som styreleiar i Statoil, men fekk kritikk for ein etterlønsavtale med Vesta og trekte til slutt sitt kandidatur.
  • Johan Fredrik Odfjell er i dag styreleiar i Hansa Borg Bryggerier og Umoe Gruppen. Han sit i styret for Universitetet i Bergen og ei rekkje andre små og store selskap.