Ein mann i tjueåra måtte til legesjekk etter å ha blitt skalla til i slagsmål på Park hotell. Det var i tre-tida natt til søndag dei to mennene rauk uklare.

– Me veit kven gjerningsmannen er. Den mistenkte er i 20-30 åra, seier Lars Fykse ved Voss lensmannskontor.