• Uansett kva du skriv på Facebook, så har ikkje det noko med dine faglege kvalitetar å gjera, seier sjukepleiar Johansen.

— Kva tenkjer du no om det du skreiv om tjukke mannfolk på bloggen din?

— Kvifor skal feite vernast?

— Utsegna mi var nøye konstruert, og eg har jobba med dette ei stund. Målet mitt er å angripa dobbeltmoralen i samfunnet. Kvifor kan ikkje feite angripast, medan røykjarar kan mobbast? Og ta blondinevitsane, det er allment akseptert at blondiner er dumme. Kvifor skal feite beskyttast? Kan henda ein burde klistra lappar på McDonald-burgarar og, seier Kjetil R. Johansen til bt.no.

— Eg fekk så mange tilbakemeldingar at eg har laga eit nytt innlegg der eg har forklart kva eg meiner.

Innlegget kan du lesa her.

Brun og feminin

- Ein del har reagert på at du som sjukepleiar kjem med slike angrep på feite menn. Har du fått reaksjonar frå arbeidsstaden din?

— Nei, og det reknar eg heller ikkje med å få. Som sjukepleiar er du i utgangspunktet bunde av etiske retningsliner, men desse innlegga om yrket mitt er veldig usaklege. Uansett kva du skriv på Facebook, så har ikkje det noko med dine faglege kvalitetar på gjera, seier Johansen.

- Korleis opplever du når utsjånaden ditt blir brukt mot deg i nettdebatten?

— Eg trenar vekter og likar å vera brun. Fleire gjer personkarakteristikkar bygd på utsjånaden min, som at eg er feminin, homo med meir. Dei gjer andre ord det dei angripar meg for at eg gjer, seier Johansen.

Paradise Hotel?

- Nokon hevdar du skal til Mexico og vera med i Paradise hotel. Er det difor du har søkt fritak frå dei politiske verva?

— Nei eg trekkjer meg for ikkje å skade Frp. Eg høyrer mange har spekulert på om eg skal vera med i Paradise Hotel, men eg er ikkje innanfor aldersgruppa. Men hadde dei hatt eit for litt eldre folk, så kunne eg godt tenkt meg det. Ho Charter-Hilde, som sjølv kallar norske kvinner naive beinrangel, har jo gått hardt ut mot meg på TV 2. Kanskje ho har ein plass til meg i Charterfeber, seier 37-åringen til bt.no.

Kva meiner du om kritikken av feite mannfolk?

300635_2335646672986_6129896_n.jpg