I siste nummeret av kommuneavisa som blir delt ut til alle husstandar i Gulen, blir det understreka at det vil bli slått hardt ned på ulovleg jakt.

— Jegeren som utøver jakta har alt ansvar for at viltet ikkje blir utsett for unødvendige lidingar. Brot på lovverket blir meldt til politiet, er den klare meldinga til gulingane.

Grunnen til at kommunen og politiet saman går ut med innskjerpinga, er fleire tilbakemeldingar om ulovleg jakt denne hausten.

— Vi har fått ein del rapportar om ureglementert jakt frå ulike kantar av kommunen. Men så langt er berre ei sak meld til politiet, opplyser lensmann Henry Indrebø.

Lommelykt ved midnatt

Jegeren som er politimeld brukte lommelykt då han ved midnattstider for nokre veker sidan skaut på ein bukk. Resultatet vart at dyret blei skadeskote. Hjorten blei seinare avliva av eit jaktlag med ettersøkshund. Viltlova forbyr jakt med kunstig lys. Lommelyktskyttaren mista jaktløyve og blei dessutan fråteken våpenet. I tillegg kan mannen, som har drive jakt i Gulen i mange år, vente seg ei bot.

Men i tillegg til denne hendinga har det også komme rapportar om funn av kadaver og slakteavfall.

— I enkelte tilfelle har observasjonar av skotne dyr og avfall blitt gjort i område der det i følgje dei valdansvarlege ikkje skal ha føregått jakt. Ingen vil heller kjennest ved at det har blitt skote, opplyser lensmannen.

— Tidlegare har det vore fleire tilfelle der bergensarar har vore på tjuvjakt i Nordhordland og Gulen for å skaffe seg hjortekjøt. Er dette framleis eit problem?

— Vi har ikkje vore borti det i år. I haust har vi køyrt ein del patrulje for nettopp å sjå etter tjuvjegerar, men så langt har vi ikkje komme over noko. Når folk kjem utanfrå for å gå på tjuvjakt, vil dei oftast halde seg nær ein veg. Men dei tilfella der det er rapportert om kadaver og slakterestar, ligg forholdsvis langt frå veg. Vi trur difor det er lokalfolk som har vore på ordinær jakt, men at det ikkje er blitt meldt frå at det er behov for å spore opp viltet, seier Indrebø.

Skal kontakte ettersøkslag

I meldingane til kommunen blir det også fortalt om skadeskyting utan at ettersøkslag er blitt kontakta, søk med hund som ikkje er godkjend og at jakta har halde fram sjølv om det er openlyst at eit dyr har fått skader.

— Når eit dyr blir skadeskote, skal det meldast frå til ettersøkslag. I tillegg skal jakta stoppast. Held jakta fram, blir spora øydelagde og det blir vanskelegare for søkslaget å finne det skadde dyret, seier Indrebø.

Kommunen og politiet understrekar også ansvaret til valdansvarlege. Dei har ansvaret for å bringe vidare nødvendig informasjon til grunneigarar og jegerar, og gjere dei kjende med reglane.

— Men på den andre sida skal vi ha i mente at det er lov å skyte over 500 dyr i kommunen denne hausten. Det ville jo nesten vere rart, om alt gjekk prikkfritt føre seg, meiner Gulen-lensmannen.