Med ei røysts overvekt går utvalet inn for å slå saman Arna gymnas og Garnes vidaregåande skule frå 1. august i år og Stord yrkesskule og tekniske fagskule og Stord vidaregåande skule frå 1. januar neste år. Slik samanslåing vil medføre ei innsparing av kostnader på totalt to millionar kroner.

Opplærings— og helseutvalet var derimot samrøystes samde om at restrukturering av skulane i Os ikkje blir sett i verk. Innsparingskrav på ein million kroner blir dermed ikkje innløyst. I sakstilfanget skriv fylkesrådmannen at det ikkje er føremålstenleg med samanslåing av Os gymnas og Os vidaregåande skule, fordi dei er svært ulike, det er for lang avstand og få naturlege pedagogiske samarbeidsområde.