— Vi opplever situasjonen som alvorleg. Det har nå gjennom fleire veker vore daglege dosar av omfattande negativ omtale av Gilde, basert på indisie. Spesielt ille blir dette når vi veit at Gilde er veldig oppteken av mattryggleik og hygiene, seier Johnny Hagen til Bergens Tidende.

Han er forbundsleiar i NNN som organiserer 4300 av dei 5500 tilsette i Gilde.

- Nasjonal dugnad

Dei tilsette i Gilde har nå gått med på at

alle arbeider redusert arbeidstid for å unngå permitteringar. Dermed deler dei belastninga. Alle vil avspassere inntil 75 timar.

— Dette er solidaritet i praksis, seier Hagen.

Bjørn Tore Kyllo som er hovudtillitsvald i Gilde seier det slik til Bergens Tidende:

— Alle tilsette i Gilde-konsernet vil med dette gje ei handsrekning til medarbeidarene ved dei anlegga som er direkte råka gjennom den utpeikinga av mistenkte anlegg som har skjedd. Dette er ein nasjonal dugnad.

- Alvorleg situasjon

Kyllo seier vidare at det er ingen tvil om at selskapet er i ein alvorleg situasjon etter å ha fått dette negative fokuset mot seg gjennom så mange veker. At mistanken er blitt retta mot stadig nye anlegg, har forsterka den negative effekten.

Forbundsleiar Hagen seier at NNN meiner Gilde har opptrådt heilt eksemplarisk og frå første stund teke saka med det største alvor og samarbeidd nært med Matttilsynet i jakta på smittekjelda.

— Vi reknar også med at forbrukarane har registrert kor ansvarsmedvitne Gilde har vore i denne saka, seier Hagen.

Salssvikt

Inntil i går hadde Gilde registrert ein aukande svikt i salet av kjøttdeig etter at alarmen gjekk 24. februar. I førre veke vart det selt 250.000 pakkar fersk kjøttdeig. Det er ein svikt på 25 prosent i høve til ei normalveke. Størst har svikten vore på Austlandet. Men i førre veke opplevde Gilde også markert svikt på Vestlandet og i nord, opplyser Gilde.

Samstundes har det vore klar vekst i salet av kjøttdeig av svinekjøtt. I førre veke vart det selt 50.000 slike pakkar.

Gilde opplyser at salet av andre produkt har vore relativt normalt.

Fakta Gilde

Gilde har 5500 tilsette. I fjor hadde konsernet ei omsetning på 11.962 millionar kroner, eller 2,26 millionar pr. årsverk. Driftsresultatet var 277 millionar. Motsvarande tal for 2004 var 11.912 millionar, 2,17 millionar og 287 millionar.

Gilde er eit samvirkeforetak, eigd av bøndene som leverer slakt til selskapet.