• Ikkje høyr på UDI, me vil at Andrei skal bli!

Det taktfaste ropet kom frå 28 klassekameratar som nyleg tok oppstilling på torget føre Stord rådhus for å markera avsky mot UDI sitt utkastelsesvedtak. Klassekameraten deira, Andrei Pavlov, får ikkje opphaldsløyve i Norge utan at han reiser heim til Murmansk og søkjer derifrå.

— Stivbeint av UDI

— Me tykkjer dette er frykteleg stivbeint. Det er umenneskeleg å senda nokon ut på denne måten, seier Vermund Heggland. Han er redd for at russaren som har funne seg vel til rette i klassen, no vil hamna på gata i Murmansk. 17 årige Pavlov har nemleg ingen familie i Russland som han kan bu hos. Mora har fått opphaldsløyve etter at ho gifta seg med ein stordabu.

— Me fekk ingen informasjon om at eg måtte søkja om opphaldsløyve før me drog til Norge. No er eg redd for at politiet kan koma og kasta meg ut. Dersom dei kjem, vil eg reisa, men då må mor bli med meg, seier Andrei.

Han er rørt over støtta frå klassekameratane, men fryktar kva som vil skje dersom han må reisa ut av Norge.

— Eg må gå tiande klasse opp att igjen og eg vil mista språk og vener.

Vil hindra politiet

— Dersom politiet kjem på skulen, vil me danna mur rundt Andrei, seier Oda Fyschaa sint.

Familien til Andrei Pavlov har vore i kontakt med stortingsrepresentant Olav Akselsen frå Stord. Akselsen meiner saka må kunna løysast utan at guten må reisa ut av landet.

— Det er viktig at me har køyrereglar for slike saker og at det er strengt, men det må vera lov å bruka sunn fornuft, uttaler Akselsen til Haugesunds avis. Ap-politikaren viser til at Andrei til sjuande og sist vil få opphaldsløyve på grunn av familiegjenforeining i Norge. Difor synest han det er unødvendig å bruka ekstra ressursar. Akselsen er overraska over at byråkratiet ikkje har valt å gjera det på ein smidigare måte, skriv Haugesunds avis.

Fordi Andrei Pavlov er mindreårig, må familietilhøva hans avklarast i heimlandet før han kan få opphaldsløyve i Norge.

SINTE MEDELEVAR: - Ikkje ta Andrei frå oss! Bodskapen var klar då klasse 10F frå Stord vidaregåande skule demonstrerte for at 17-årige Andrei Pavlov (i grå jakke) må få bli i Norget. Mor hans har opphaldsløyve her, og det får nok Andrei òg, men først må han til Murmansk.<br/>Foto: LENA VERMEDAL