• Dessverre merkar vi ein aukande tendens til at skipsførarar ventar med å slå alarm fordi dei fryktar å måtte betale høg bergingsløn.

JØRN-ARNE TOMASGARD

Det seier Eivind Vågslid, underdirektør i lasteskipsavdelinga i Sjøfartsdirektoratet.

Han meiner kapteinen på gasstankaren «Marte», som fekk motorhavari og heldt på å gå på grunn ved Fedje måndag, skulle alarmert Hovudredningssentralen med ein gong alarmen gjekk om bord.

— Han burde sendt ut ei hastemelding om at han hadde motorhavari, og at han kunne kome til å trenge hjelp. Men eg synest ikkje det tok oppsiktsvekkjande lang tid før kapteinen i denne saka gav melding, seier Vågslid.

Han er likevel uroa over tendensen til at havarerte skip ventar lenge med å slå alarm.

— Skipperane er dessverre for tilbakehaldne med å sende ut naudmelding, meiner han.

- Påliteleg logg

Lensmann Kjell Idar Vangberg i Austrheim og Fedje fortel at dei har undersøkt loggen på skipet og avhøyrt den italienske kapteinen. Utifrå det har politiet i samråd med sjøfartsinspektøren funne ut at dei ikkje vil etterforske saka som eit mogleg straffbart forhold.

— Kapteinen har forklart at mykje skjedde omtrent samtidig. Vi har fått utskrift frå loggen, som vi ser på som svært påliteleg informasjon. No sender vi alt til sjøfartsinspektøren. Det kan vere at vi finn differansar når vi koplar opplysningane opp mot kart og posisjon. Då vil vi i tilfelle vurdere saka på nytt, opplyser lensmann Vangberg.

Han meiner trafikkstasjonen var veldig observant i denne situasjonen, og at dei oppdaga det havarerte skipet omtrent samstundes som alarmen gjekk om bord.

Trur på stor bergingslønn

Underdirektør Vågslid i Sjøfartsdirektoratet meiner havariet ved Fedje kan føre til rekordutbetaling av bergingsløn.

— Denne saka kan utan tvil bli ein premissleverandør for liknande saker i framtida. Truleg vil valdgiftsretten i London avgjere beløpet for berginga, seier Vågslid.

Han meiner det spesielle med denne saka er at det kunne blitt ein naturkatastrofe om båten hadde gått på land. Og at dette vil kunne gje høgare bergingslønn enn vanlege.

— Det er veldig sjeldan ein får 100 prosent bergingsløn av verdien på båten. Det valdgiftsretten må avgjere, er kor vidt dette ville blitt ein naturkatastrofe, seier han.

Tillegg for å hindre ureinig

Professor Erik Røsæg ved Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo meiner saka ikkje er så spesiell som Vågslid vil ha det til. Han trur ikkje bergingslønna i dette høvet kjem i nærleik av verdien på båten, som ifølgje databasen til Sjøfartsdirektoratet er 15,9 millionar dollar, kring 110 millionar norske kroner.

— Slik eg har forstått var bergingsinnsatsen liten og udramatisk. Kanskje vil bergingslønna i dette tilfellet bli lågare enn 1-2 prosent. 1,5 millionar kroner for ein halvtimes arbeid synest eg høyrest mykje ut, seier Røsæg.

Han seier at i dei tilfella det er utbetalt bergingslønn på over 100 prosent av verdien på båten, har det vore store materielle tap og tilleggsvederlag for arbeid for å hindre forureining. Bergingslønna vert rekna ut ifrå kor store verdiar som er att. Går båten ned, blir det ikkje utbetalt lønn for redningsarbeidet.

- Ville tent på å varsle

Røsæg viser også til eit element i lova som gjer at kapteinen faktisk ville tent på å be om hjelp så tidleg som råd.

— Det ville lønt seg for kapteinen å gjere ein avtale med redningsbåt før situasjonen vart akutt. Då ville han fått ein avtale med slepevilkår, noko som er rimlegare enn redningsvilkår, seier Røsæg.

— Trur du skipsførarar vegrar seg for å slå alarm rett og slett fordi dei ikkje kjenner avtaleverket, dei fryktar at berging er mykje dyrare enn det faktisk er?

— Det kan vere at dei manglar kunnskap. Det eksisterer ein slags myte om at berging er veldig dyrt. Det kan vere eit poeng at dette er ein italiensk kaptein. Ein norsk skipsførar ville vere like redd for pålegg etter forureiningslova som for høge bergingsutgifter, trur Røsæg.