Sambandet over Jondalstunnelen vil og vera nesten halvtimen kortare enn det einaste planlagde ferjefrie sambandet mellom Odda og Bergen, over Hardangerbrua.

Denne skilnaden i tid kan gå hardt ut over trafikkprognosane til Hardangerbrua, der Norconsult i si tid rekna med 90 prosent overgang frå Utne-Kvanndal til brua.

Det var kanskje ikkje heilt urealistisk, for reisetida på dei to vegvala er om lag den same om vi berre reknar med 10 minuttars ventetid på ferja. Det spørst då om ikkje brueffekten med 0 ventetid ville slå kraftig ut.

Skal godt gjerast

Men med ein halvtime lenger køyretid og 50 km meir i distanse, skal det godt gjerast for Hardangerbrua å konkurrera med Jondalstunnelen, om han vert bygd.

— Trafikantane vil sjølvsagt gjera seg opp si eiga meining om kva dei er best tente med. Men korleis dette vil slå ut, vil vi få betre svar på gjennom konsekvensutgreiinga som er på gang. Då skal det nyttast eit nytt modellverktøy som vil ta alle dei ulike variantane opp i seg, seier styreformann i Hardangerbrua AS, Magnar Lussand, til Bergens Tidende.

— Vi har sett andre stader at fast samband utan ventetid avlar trafikk, seier Lussand, som og minner om at bompengar pluss ferjepengar på Jondalssambandet kan gje utslag.

150 millionar nok?

Uansett kan Jondalstunnelen gjera såpass innhogg i trafikkgrunnlaget for Hardangerbrua at bompengeinntektene må justerast nedover. Det kan ha som fylgje at den pårekna statlege løyvinga på 150 millionar kroner ikkje strekk til. Og er det no-ko fylkespolitikarane er redde for, så er det å gå inn og omprioritera midlar frå riksvegbudsjettet.

Ordføraren på Voss, Bjørn Christensen, legg vekt på at indre strok i Hordaland må lukkast med å etablera ein indre stamveg nord-sør. Eit viktig element der er vintertrygg veg over Vikafjellet. Då er Christensen trygg på at Hardangerbrua vil ha det trafikkgrunnlaget som trengst.