GERDFINN EITHUN— Vi held ikkje rekneskap med kor mange bilar som går i grøfta på riksvegen i Halbrendslia, seier oppsynsmann Anders Skrede til Bergens Tidende. Prøvekøyrde I går prøvekøyrde han vegen etter tips frå politiet om at vegen skulle vere glatt.- Eg køyrde strekning heilt til Langeland, heldt bra stor fart og middels gode dekk. Eg merka ingen ting, seier Skrede som meiner at mystikken med utforkøyringane i Halbrendslia bør vere objekt for ei gransking av bildekk. Når tusen bilar køyrer lia kvar dag og ein og annan bil køyrer ut, må det ha med dekk-eigenskapane å gjere, meiner Skrede. Yrkessjåfør Utforkøyringane skjer berre i regnver, aldri på tørr veg. Føraren av personbilen, Vidar Johansen, er yrkessjåfør og køyrer drosje i Bergen. Han køyrde lånt bil då uhellet bar til ved 21.15-tida i går kveld. Han seier til Bergens Tidende at farten var moderat, men ved nedbremsing omlag 50 meter frå ein sving miste han styringa.- Det var ingen ting eg kunne gjere for å hindre at bilen gjekk i bergveggen, seier Johansen som etter uhellet såg bil etter bil passere i langt større fart - utan minste problem med å runde svingen.

USKADD: Dei tre i bilen slapp uskadd frå ulykka da denne bilen køyrde i grøfta.
FOTO: GERDFINN EITHUN